Brunkeberg kyrkje

Brunkeberg kyrkje er ei krosskyrkje frå 1790 i Kviteseid kommune i Telemark fylke.

Brunkeberg kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Brunkeberg sokn
Fellesråd Kviteseid kyrkjelege fellesråd
Type Krosskyrkje
Material Tre
Kyrkjegard Attmed kyrkja
Sitjeplassar 303
Kart
Brunkeberg kyrkje
59°26′02″N 8°28′53″E / 59.433881°N 8.48131694°E / 59.433881; 8.48131694
Wikimedia Commons: Brunkeberg kirke

Kyrkja er bygd i tre og har 303 sitjeplassar.

Brunkeberg kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt

Innvendig er ein særeigen dåpsengel og eit krusifiks over altaret. Naivistiske og dramatiske bibelske motiv er måla på midtpartiet i himlinga.

Byggmeister var Såmund Såmundsson Gjersund frå Morgedal. Målararbeidet vart utført av Aslak Nestestog frå Vinje. Døypefonten vart laga av Aasmund Såmundsson Nordgaard.

Kjelder endre

  • Bokmålswikipedia slik artikkelen var 22. august 2010 revijon

Bakgrunnsstoff endre