Aslaug Holm
Aslaug Holm (fødd 1965) er ein norsk dokumentarfilmskapar frå Smøla på Nordmøre.
Aslaug Holm | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. februar 1965 (59 år) Smøla kommune |
Yrke | filmregissør, filmklyppar, filmfotograf, manusforfattar |
Ektefelle | Tore Buvarp |
Aslaug Holm på Commons |
Karriere
endreAslaug Holm har vore tilknytt dokumentarfilmselskapet Fenris Film sidan oppstarten i 1992. Ektemannen hennar, Tore Buvarp, arbeider også med film, og dei to har samarbeidd med filmproduksjonar.
Aslaug Holm var fotograf og klippar på filmen Heftig og begeistret (2001), filmen om kormiljøet i Berlevåg i Finnmark. Ho er også kjend for dokumentaren Oljeberget, som skildrar Jens Stoltenberg og det norske samfunnet som verdas rikaste land. I 2008 produserte ho To brødre, ein dokumentarfilm om oppveksten til hennar eigne søner på sju og ti år.
Produksjonar i utval
endre- 1995: Bak din rygg (regi)
- 2001: Heftig og begeistret (klipp, regi og foto)
- 2005: Alt for Norge (regi)
- 2006: Oljeberget (regi)
- 2008: To brødre (regi)
Heider
endre- 2001: Filmforbundets Fagpris for arbeidet med Heftig og begeistret.
- 2006: Den internasjonale filmkritikarprisen - FIPRESCI for dokumentaren Oljeberget.
- 2007: Aslaug Holm vann Gullklapperen under utdelinga av Amandaprisen.
Kjelder
endre- Fenris Film om Aslaug Holm Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Bokmålswikipedia om Aslaug Holm, henta inn 25. november 2011
- Aslaug Holm på Imdb.com