Aslaug Nyrnes

norsk litteraturvitar og didaktikar

Aslaug Nyrnes (fødd 27. november 1953 i Lom) er ein norsk akademikar som har teke for seg litteraturvitskap og didaktikk.

Aslaug Nyrnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1953 (70 år)
Lom kommune

Fagleg bakgrunn endre

Nyrnes utdanna seg ved Universitetet i Trondheim og Universitetet i Bergen, der ho fekk grada cand.philol. ved Nordisk institutt i 1981. I 1982 blei ho tilsett ved Bergen lærarhøgskole ved Høgskolen i Bergen. Ho har førelese ulike stader om forskings- og vitskapsteori og om praktisk pedagogikk.

Nyrnes tok doktorgrad i 2002 med ei avhandling om dei didaktiske sidene ved Moralske Tanker av Ludvig Holberg. Avhandlinga didaktikk førte til at Nyrnes utvikla ny teori rundt retorisk didaktikk. Sidan 2007 har ho vore tilsett som professor i kunstfagdidaktikk ved Høgskolen.

Aslaug Nyrnes har leia det Norges Forskningsråd-støtta «prosjekt Kunstfagdidaktikk», som gjennom tverrfagleg støtte frå fagmiljø innan dans, drama, kunst og handverk, musikk og norsk søker å utvikla ny didaktikk for kunstfag. Ho var òg leiar for prøveordninga med eit eige vurderingsutval for sakprosa i Norsk kulturråd frå 2005 til 2008, som førte til ei fast innkjøpsordning for sakprosa frå 2009.

Nyrnes har mellom anna gjeve ut boka Det (ny)norske mennesket. Ein litterær analyse av familiebladet For bygd og by (1985). Ho har òg gjeve ut fleire artiklar om pedagogikk og analyser av forfattarar som Holberg og Knut Hamsun.

Utgjevingar endre

  • Det (ny)norske mennesket (Oslo: Samlaget, 1985).
  • «Det didaktiske rommet. Didaktisk topologi i Ludvig Holbergs Moralske Tanker» (Universitetet i Bergen, 2002. Dr.art.-avhandling).
  • Lighting from the side : rhetoric and artistic research (2006). Hefte i serien Sensuous knowledge : focus on artistic research and development
  • Ut frå det konkrete. Bidrag til ein retorisk kunstfagdidaktikk (Oslo: Universitetsforlaget, 2008. Saman med Niels Lehmann).

Prisar og utmerkingar endre

I 2006 fekk Nyrnes FoU-prisen for arbeid med å fremja Høgskolen i Bergen som forskingsinstitusjon.

Kjelder endre