Asta Busingye Lydersen

norsk songar og skodespelar

Asta Busingye Lydersen (fødd 18. august 1970) er ein norsk-ugandisk journalist, songar og skodespelar[1] fødd i Skottland. Ho er medlem av Queendom, ein norskafrikansk kunstnarduo som tidlegare var eit kollektiv med fleire medlemmer.[2] Queendom fekk Oslo bys kunstnerpris for 2007. Gruppa speler konsertar og held framsyningar med samfunnsengasjert perspektiv.

Asta Busingye Lydersen

Fødd18. august 1970 (54 år)
FødestadSkottland
Verka somskodespelar, songar, fjernsynsskodespelar
EktefelleJohn Ertzgaard
BornLakeri Ertzgaard, Kaitesi Ertzgaard

Asta Busingye Lydersen har delteke i oppsetjingar ved mellom anna Riksteatret, Oslo Nye Teater, Trøndelag Teater og Nordic Black Theatre, og har dessutan hatt mindre roller i ei rekkje film- og TV-produksjonar.[3] Ho er medlem av Norsk Skuespillerforbund. Ho var programleiar i NRK Migrapolis på TV og radio frå 2003 til 2006, og gjekk seinare over til å ta oppdrag som kulturprodusent, prosjektleiar og programleiar på prisutdelingar, kulturarrangement og fagseminar.[3]

Busingye Lydersen var nestleiar i Norsk kulturråd frå 2009–2015,[1] der ho leidde Scenekunstutvalget, og deretter Utvalg for barne- og ungdomskultur. Frå 2017 har ho hatt verv som styremedlem på Nationaltheatret[4] og Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Oslo, vore jurymedlem i Telenors Kulturpris og medlem av fagkomiteen i ArtEx, Talent Norge.

Artiklar og essays (utval)

endre

I 2013 gav Aschehoug forlag ut det personlege essayet Afropolitt i samband med 100-årsjubileet for allmenn stemmerett.[5][6] I 2019 var dei kulturpolitiske essaya hennar Synlig/Usynlig - Norske kulturinstitusjoner fra et afropolittisk perspektiv. eit av bidraga i ei tekstsamling som Nasjonalmuseet publiserte.[7]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Asta Busingye Lydersen». Kulturrådet. Arkivert frå originalen 7. september 2014. Henta 1. april 2015. 
  2. «Kronikk: Stå opp, dronninger! Med mikrofoner, penner, tastatur og brølende stemmer skal fremtiden skapes». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 7. mars 2019. Henta 7. mars 2023. «Da vi startet artistkollektivet Queendom i Oslo på slutten av 90-tallet kom vi ut av en aktivistisk ungdomsorganisasjon som het Afrikan Youth in Norway. En av de viktigste sakene var kampen for å få definere oss selv som norskafrikanere.» 
  3. 3,0 3,1 «Asta_Busingye_Lydersen» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. «Nytt styre for Agder teater». scenekunst.no. 16. juni 2008. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 1. april 2015. 
  5. «Afropolitt». aschehoug.no (på norsk bokmål). Henta 7. mars 2023. «Asta Busingye Lydersen tar oss med inn sin hverdag der hun deler nådeløse og skarpe observasjoner og diskuterer Norges kompliserte forhold til det flerkulturelle. I sitt personlige essay viderefører hun parolen fra 70-tallets kvinnekamp: Det personlige er politisk. Ved å dele historier fra sitt liv ber hun oss se Norge gjennom hennes øyne - som kvinne, som artist og som afropolitt.» 
  6. Are Vogt Moum (6. juni 2013). «Svarte skuespillere får negative roller». utrop.no. Henta 1. april 2015. 
  7. «Formidling for et nytt museum» (på norsk bokmål). Nasjonalmuseet. 2019. Henta 7. mars 2023. «Nasjonalmuseet initierer mange ulike satsinger som formidler opplevelser, diskusjon, og kunnskap om kunst, arkitektur og design. Sommeren 2017 ble det gjennomført et internasjonalt seminar om formidling i kunstmuseer, under tittelen Learning Strategies for a New National Museum. Målet var å avdekke nytt formidlingspotensial for det «nye» Nasjonalmuseet, i et mer synlig og aktivt samspill med byen, befolkningen og samtiden. | Noen av innleggene fra seminaret er nå blitt artikler i denne publikasjonen, som kan lastes ned gratis på norsk og engelsk. (---) Gratis nettpublikasjon | Språk: Norsk og engelsk utgave | Antall sider: 240 | Tekster: Boel Christensen-Scheel, Wendy Woon, Asta Busingye Lydersen, Maria Lind, Emily Pringle | ISBN / Varenummer: ISBN 978-82-8154-134-4 | Ugivelsesår: 2019»