Astri Frisak
norsk frøavlsekspert og politikar
Astri Frisak (fødd 28. oktober 1883 i Ålesund, daud 5. mai 1978) var ein norsk landbruksforskar, Venstre-politikar og kvinnesaksforkjempar. Ho var gjennom fleire tiår den mest sentrale ekspert i Noreg på frøavl og var avdelingssjef ved Statens frøkontroll. I tillegg var ho aktiv i politikken for Venstre og landsstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening.[1][2]
Astri Frisak | |||
Fødd | 28. oktober 1883 Ålesund | ||
---|---|---|---|
Død | 5. mai 1978 Frogn kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | politikar, gartnar | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening |
Ho var dotter av høgsterettsdommaren og venstrepolitikaren Henrik Frisak.
Bibliografi
endre- Korrelasjon mellem frøets ytre præg og dets spirings- og plantefrembringelsesevne, i Meldinger NLH, 1923
- Hagebok for villaeiere (med O. Moen, J. Smith og H. B. Fürst), 1942
- Frøavl av grønnsaker og rotvekster, 1943 og 1945
- Frøavl av sommerblomster, 1951
- Plantene i Bibelen med legender, myter og sagn, 1969
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Astri Frisak» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2022.