Opna hovudmenyen

Asur eller ultramarin er eit mørkeblått fargestoff. Det vart opphavleg framstilt av lasurstein (lapis lazuli) og er ein djupblå eller djup himmelblå farge.

Asur
sRGBB  (rgb)(0, 127, 255)
HSV       (h, s, v)(210°, 100%, 100%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
Lapis lazuli har gjeve namn til fargen asur.

Namnet «asur» er avleidd av arabisk al-lazward som tyder 'lasurstein'. Pulver av denne steinen er kjend som «naturleg ultramarin» og var historisk eit kostbart pigment. I europeisk målarkunst blei det hovudsakleg brukt til å farge kleda til sentrale figurar som jomfru Maria eller englar. Renessansekunstnaren Giotto di Bondone merka seg ut med å måla taket i Scrovegni-kapellet asurblått.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Asur