Atløyna

øy i Askvoll kommune
(Omdirigert frå Atløy)

Atløyna er ei øy i Askvoll kommune i Vestland, nord for Vilnesfjorden ved munningen av Dalsfjorden. Arealet er 37,7 km².

Atløyna
Geografi
Stad Sunnfjord
Koordinatar 61°20′38″N 04°56′34″E / 61.34389°N 4.94278°E / 61.34389; 4.94278

Areal 37,7 km²

Høgaste punkt Skredvarden (636 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Hærland

Demografi
Folketal 438 (2023)
Folketettleik 11,6 /km²

Kyrkja på Atløyna er frå 1674 og vart bygd etter at den tidlegare kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i 1673. Det vert sagt at då dei grov opp golvet i den gamle kyrkja fann dei mange skjelettrestar frå menneske. Ein rekna med at desse var frå ei vikinggrav.

På sørsida av Atløyna ligg fjellknausen Brurestakken, som er eit landemerke og utsiktpunkt.

Geologi endre

Berggrunnen består av folda lag av gneis frå slutten av prekambrium og metasediment frå silur. Sedimenta er avsett direkte på grunnfjellet og har seinare gjennomgått metamorfose og folding. Bergartane vart danna under den kaledonske orogenesen.

Folketalsutvikling endre

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
295 523 482 438

Sjå og endre

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Askvoll herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  • Askheim, Svein. (28. januar 2012). Atløy: geologi. I Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Atløyna
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.