Vilnes kyrkje

kyrkje i Askvoll kommune

Vilnes kyrkje står på Atløy i Askvoll kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1674.

Vilnes kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askvoll
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Askvoll
Fellesråd Askvoll
Type Langkyrkje
Teknikk Tømra
Innvigd 1674
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 130
Kart
Vilnes kyrkje
61°19′07″N 4°57′47″E / 61.318714°N 4.963074°E / 61.318714; 4.963074
Wikimedia Commons: Vilnes kirke
Vilnes kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Vilnes kyrkje

Kyrkja vart restaurert i 1950-åra, då vart tak og vegger isolerte og når det òg vart installert ljos og varme gjorde det ein stor skilnad frå tidlegare. Kyrkja fekk òg sakresti og nytt altar og altarring.[1]

Historie endre

Den noverande kyrkja erstatta ei kyrkje frå før 1320 som hadde brunne ned i 1673.[2] Altartavla er ein kopi etter eit altarfrontal frå kring 1250 som stod i gamlekyrkja. Originalen er no i Universitetet i Oslo si Oldsakssamling på Historisk museum.

Kyrkja var fram til 1. januar 2006 soknekyrkje i Vilnes sokn, då vart dei tre sokna i Askvoll prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som vart heitande Askvoll sokn. I eldre tid sokna folk frå delar av Solund til kyrkja i periodar, i tillegg til folk frå dei vestre delane av Askvoll. Den gamle soknegrensa mellom Askvoll og Vilnes sokn delde Atløy i to.[3]

Kjelder endre

  • Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Fotnotar endre

  1. Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Vilnes kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 27. februar 2021. 
  2. «Trolldom kring Vilnes-kyrkja» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  3. Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Bakgrunnsstoff endre