Atlanterhavstunnelen

Atlanterhavstunnelen er ein 5 779 meter lang undersjøisk tunnel for fylkesveg 64 mellom øykommunane Kristiansund og AverøyNordmøre, opna for trafikk 19. desember 2009. Tunnelen går ned til om lag 250 meter under havoverflata.

Med denne tunnelen er det vegsamband mellom Kristiansund og fastlandet over Averøya og Atlanterhavsvegen til Eide på Nordmøre, i tillegg til at det frå 1992 har vore fastlandssamband over Bergsøya, der den undersjøiske Freifjordtunnelen går frå Bergsøya til Kristiansund, hengjebrua Gjemnessundbrua gjev samband i retninga sørover og mot Molde, og flytebrua Bergsøysundbrua gjev samband mellom Bergsøya, Aspøya og Tingvoll-halvøya og vidare nordover.