Atlungstad Brenneri
Atlungstad Brenneri er eit spritbrenneri ved Mjøsa på Stange i Innlandet. Det vart grunnlagt i 1855 av ei gruppe gardbrukarar. Den regelmessige brenninga tok slutt i 2000, men det har seinare vore gjennomført prøveproduksjonar. Brenneriet har sidan 2012 vore oppført på Riksantikvarens liste over tekniske og industrielle kulturminne, og har fått omkring 7 millionar kroner til å settast i stand slik det ein gong var.[1] Atlungstad Brenneri AS som tok over eigarskapet i 2011. I oktober 2013 skreiv eigarane under på ein samarbeidsavtale med selskapet Arcus om at det igjen skal produserast akevitt regelmessig på Atlungstad Brenneri.[2]

Historie
endreAtlungstad Brenneri vart etablert i 1855, då ei rekkje gardbrukarar slo seg saman i eit andelslag, og det erstatta fleire mindre brennerier i området. Fordi vatn var viktig for mange av brenneriets prosessar, vart det anlagt ved utløpet til Fjetreåa på Nedre Atlungstad ved Mjøsa. Bygningane vart oppført av raud teglstein, som er typisk for industriarkitekturen frå slutten av 1800-tallet, og dei fekk også ei smie og eit fjøs. Karakteristiske trekk ved konstruksjonen er den 15 meter høge spritkolonna og den 30 meter høge fabrikkpipa. Bygningane inneheld mellom anna potetmottak, sprit- og destillasjonsapparat og akevittlager. Brenneriet brann i 1864, men det vart bygd opp igjen to år seinare med dei samme veggane. Det vart utvida i 1911, og i 1954 vart det bygd eit nytt frørenseri.
I 1920 vart Atlungstad Finspritfabrik oppløyst, og den lagra spriten vart delt ut til aksjonærane. Det vart oppretta eit nytt selskap, Stange Brænderi, få dagar seinare. I 1925 tok Vinmonopolet over finspritdestillasjonen, og året etter fekk selskapet namnet Stange Brænderi & Frøforretning. I 1957 gjekk det saman med Tangen og Romedal brenneriet og danna Hedmark Frøforretning og Brenneri. I 1995 vart det kjøpt opp av Hoff Norske Potetindustrier.
Den regelmessige brenninga ved Atlungstad Brenneri vart avslutta i 2000, og det vart gjort om til eit såkalla reservebrenneri som var i drift berre når det var behov for det. I 2008 tok også det slutt, men i 2011 vart det kjøpt opp av Atlungstad Brenneri AS, som byrja med prøveproduksjon same haust. I 2013 signerte selskapet ein avtale med Arcus om igjen å produsere akevitt på fast basis.[2]
Referanser
endre- ↑ «Arcus og Atlungstad Brenneri inngår samarbeidsavtale» Arkivert 2013-12-13 ved Wayback Machine., Norske Akevitts Venner
- ↑ 2,0 2,1 «Historisk avtale for Atlungstad brenneri», NRK, 23. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Atlungstad Brenneri hos Riksantikvaren
- Atlungstad Brenneri i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Atlungstad Brenneri Arkivert 2013-12-11 ved Wayback Machine. hos Akevittruten
- Atlungstad Brenneri Arkivert 2013-12-06 ved Wayback Machine. hos Norske Akevitts Venner