Ein draug, oftast omtalt i bunden form draugen, er eit overnaturleg vette som finst i segner rundt i Noreg. I gamle dagar trudde nordnorske fiskarar at draugen sigla i ein båt med spjerra segl, og at han var eit varsel om daude for dei som såg han. Det blei trudd at draugen var ein dauing, ein svært handfast attergangar av ein daud fiskar som hadde drive på havet, og som ikkje var gravlagt i kristen jord.

Eventyrteiknaren Theodor Kittelsens. Sjøtrollet frå 1887 viser ein skapnad som har fleire fellestrekk med det drukna gjenferdet draugen.

Sjølve ordet draug er henta frå det norrøne ordet draugr, som opphavleg kunne tyde attergangaren til kva dauding som helst. I nokre dialektar blir ordet brukt slik framleis, og det skiljast mellom Land-draug og Hav-draug (og nokre gongar eit tredje slag, ein strand-draug, Sleipin). I norrøn soge vil ein finne referansar til land-draugar av denne typen. Mest kjend er forteljinga om Glåm, frå Soga om Grette Åsmundsson, som kjem til gard sin kvar julekveld og uroar dei som bur der. Glåm var ein træl som blei gravlagt i ei steinrøys i nærleiken, og heimsøker området i skapnad av ein draug. I soga framstår han som eit blåna lik, som har krefter nok til å legge ei forbanning over sagahelten.

Både Henrik Ibsen og Aasmund Olavsson Vinje refererer på same vis til draug høgt til fjells (Peer Gynt i 1867, mellom anna). Slik kan ein seia at samanstillinga draug/sjødraug ikkje kjem før med Jonas Lie.

Fram i fossen og i osen
Fossegrimen daa seg laugar,
og som sky for vinden flaksa
Fjellimillom kvite draugar
Tora slo og Fjellet riste,
Drakar gløste, Draugar glømde.
So med Sus kom Aasgard-reidi
Men ho saag oss, og ho rømde.

(Vinje: Storegut er med som Skattegravar).

Seinare har ordet hovudsakleg kome til å stå for ei ånd på sjøen. Denne utviklinga skuldast delvis dei mange og populære folkloristiske forteljingane til Jonas Lie1870-, 80- og 90-talet, basert på overtru frå Nord-Noreg, som har skapt det moderne biletet av draugen. Arne Garborg refererer til draugar i diktsyklusen Haugtussa frå 1895, men desse draugane kjem frå kyrkjegarden for å plage Veslemøy.

Havdraugen kunne varsle dødsfall eller ulykker. Han blir av og til skildra som ein sjømann utan hovud som sit i ein halv båt. Han støter ut eit isnande skrik når han viser seg. Dei fleste som opplevde møtet med Draugen døydde, men det finst òg ei historie frå Nord- Noreg om ein nordlending som sigrar over Draugen: Det var Julaften, og Ola var på tur ned til båthusa for å hente bøtta med brennevin då han såg Draugen sitte på bøtta å sjå utover havet. Ola var kjent for motet sitt (og han hadde drukke litt frå før òg), og han tok ein spiss stokk han brukte å fiske flyndre med, og han stakk Draugen i ryggen så han for utover havet. Denne kvelden blei ein kamp på liv og daude, og Ola sprang for livet over kyrkjegarden med Draugen i hælane. Ola ropte: Alle kristne sjeler som kviler her, reis dykk til kamp mot dette uhyret. Då Ola og dei andre i bygda kom til kyrkja neste dag, var gravkistene opne og kyrkja dekte av sjøgras. Åndene hadde vunne kampen, og Draugen kom aldri tilbake til området. I andre segnvariantar er det like mykje draug innanfor kyrkjegardsmuren som utanfor.

Regine Normann fortel om korleis sjødraugane vert nytta i ein stor maningskamp mellom to trollkyndige, ein gandfinn og ei trollkjerring. Finnen vinn kampen på vegne av ein vær-eigar som gjev han god løn for det.

Det finst òg ei historie frå Trøndelag som fortel om korleis eit lik på stranda blei noko to Drauger kranglet om (den eine kom frå land, den andre frå havet):

Utme Frøya får dem en inni kastnota somti om haustan, men han komple seg over kavlan og reise. De e to slags drauga: sjødraujen å sleipin. Om haustkvellan høre dem dem: «Eg ror,» sei sjødraujen. «Eg hamle,» sei sleipin. Mest høre dem draugan, når nån ska bliv utpå sjøen; da rope`n så kalt: Hau! Ein mann kom i lann tå dræv`e ei natt i månskjene å skoll belegg båten sin. Å ja. han fann en kvit stein som `en knytt fast festa ti. Jau, best de va tok stein e kut uti sjøen. Kall`n mått no finn seg ein annan stein. Men i`ne `na fjæra va det slik sleip å sli der`n for, å tå klean å henn` løfta de så at`n mått kast klean. De va da en draug, som låg der.
På Ulvan va de kjerk i gamel daga. Kjerkgår`n va brukt te fer en 30 år sea. De e enno lite igjen tå`n. Så va de e lik, som ha kome rekan-åt nepå stranna tett nefer kjerkgårsplanken. No villa lannsdraujen ha de innpå kjerkgår`n, å sjødraujen ut i sjøen igjen. Så bar det ihop å slås me dem. Lannsdraujen innfer kjerkgår`n slo me ei likkistfjøl, å sjødraujen utfer slo me en taralegg; Likje låg imillom dem; men han vann, sjødraujen, fer om morran fann dem ikkjnå lik (Leiv Heggstad: Eventyr og Segner på målføre, oppskrift frå Hitra, Nord-Trøndelag).

Den nynorske omgrepsbruken, som gjerne skil seg frå bokmålsbruken ved betre tilknyting til det norrøne, definerer framleis draugen først og fremst som ein attergangar. Ola Raknes kunne derfor definere ein vampyr som ein «Blodsugar-draug» i si engelsk-norske ordbok.

Sjå òg endre

Kjelde endre

Artikkelen er omsett frå Wikipedia på bokmål per 11.07.07