Aud Søyland

Aud Søyland (fødd 1954)er ein norsk forfattar, omsetjar, folkemusikar og kommunepolitikar (SV). Ho er cand. philol. frå Universitetet i Oslo med hovudfag i nordisk språk og litteratur.[1] Ho har vore nestleiar i Noregs Mållag. Ho har tidlegare arbeidd ved skrivarstova til same organisasjon, og var leiar i Norsk Målungdom i 1981-1982. Ho har også vore språkkonsulent i Norsk språkråd. Som forfattar har ho skrive bøker om mellom anna stølsliv, språkføring, nynorsk, dialektar og jernbane. Ho vart utnemnd til heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget i 2012.[1]

Aud Søyland
Fødd 1954 (67 år)
Yrke skribent
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Periode 1981-1982
Føregangar Thomas Skålnes
Etterfylgjar Atle Faye

Utvalde verkEndra

  • 1981 – Eg gjekk meg opp til seterli (Oslo: Ekstrabokklubben) [red. Anne-Kari Skardhamar og Aud Søyland]
  • 1983 – La hundre blomar bløma. Ei gransking av amatørdikting i Hallingdal i dag (Oslo: Institutt for nordisk språk og litteratur) [Hovudoppgåve V-1983]
  • 1985 – Nynorsk av hjartans lyst (Oslo: Det Norske Samlaget) [av Turid Kleiva, Bjørn Karsrud, Aud Søyland og Inger Helene Arnestad]
  • 1995 – Praktisk nynorsk (Oslo: Det Norske Samlaget) [av Olaf Almenningen og Aud Søyland]
  • 1998 – Den beste boka i praktisk nynorsk for lærarstudentar (Oslo: Det Norske Samlaget) [av Olaf Almenningen og Aud Søyland]
  • 2000 – Nynorsk ordliste 9. utg. hefta (Oslo: Det Norske Samlaget) [red. Kåre Skadberg og Aud Søyland]
  • 2000 – Nynorsk ordliste 9. utg. plastinnbunden (Oslo: Det Norske Samlaget) [red. Kåre Skadberg og Aud Søyland]
  • 2004 – Full rulle på norske spor (Ål: Boksmia) [av Bjørn Karsrud og Aud Søyland]
  • 2012 – Nynorsk ordliste 11. utg. hefta (Oslo: Det Norske Samlaget) [red. Margunn Rauset og Aud Søyland]
  • 2012 – Nynorsk ordliste 11. utg. plastinnbunden (Oslo: Det Norske Samlaget) [red. Margunn Rauset og Aud Søyland]
  • 2012 – Praktisk nynorsk for lærarstudentar (Oslo: Det Norske Samlaget) [av Olaf Almenningen og Aud Søyland]
  • 2008 – Dikt frå dalen (Oslo: Det Norske Samlaget) [red. Eldgrim Springgard og Aud Søyland]
  • 2013 – Rett og godt. Handbok i nynorskundervisning (Oslo: Det Norske Samlaget ) [av Aud Søyland og Jan Olav Fretland]
  • 2015 – Norske skrivereglar. Reglane du treng for å skrive på papir og skjerm (Oslo: Det Norske Samlaget) [av Aud Søyland og Jan Olav Fretland]
  • 2015 – Norske skriveregler. Reglene du trenger for å skrive på papir og skjerm (Oslo: Det Norske Samlaget) [av Aud Søyland og Jan Olav Fretland]
  • 2017 – Enkel nynorsk ordliste for offentleg og privat sektor (Oslo: Det Norske Samlaget) [red. Karl Arne Utgård, Aud Søyland og Margunn Rauset]

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Aud Søyland ny heidersmedlem i Samlaget», www.lnk.no, henta 18. august 2019 

BakgrunnsstoffEndra