Audhild Viken (5. juli 19152000) frå Skei i Jølster var ein pioner for organisert produksjon og formidling av husflidsvarer. Ho tufta bedrifta Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserer seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar.

Audhild Viken

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1915
Jølster kommune
Død

16. desember 2000 (85 år)

Yrke forretningsdrivande
Audhild Viken på Commons

Familie endre

Audhild Viken vaks opp på garden Fossheim i Jølster. Foreldra hennar var Johan Akselson Fossheim (1883-1918) og Olina Martinusdtr. Dvergsdal (1887–1969). Olina var kjend i lokalsamfunnet for sin kunnskap om tradisjonell klednad, særleg bunadsklede, vovne åklede og løparar.

Audhild Viken gifta seg med Hans Viken (1903-1970) i 1942. Saman fekk dei to søner: Hallvard Viken (f.1944) og Johan Viken (f. 1951).

Husflidspioner endre

Under andre verdskrig var det stor interesse for husflidsprodukt, då det var vanskeleg å få tak i andre tekstilartiklar. Det kom ein motreaksjon rett etter krigen, og i ei tid då mange heller ville ha moderne, internasjonale produkt, starta Audhild Viken ei vevstove for å ta vare på og fremje det tradisjonelle husflidsarbeidet som ei kommersiell vare.

Viken bytta i starten eigen og andre kvinner sin vevnad mot varer i Bergen, og etterkvart vart verksemda utvida og profesjonalisert. På eit tidspunkt var det over 200 kvinner som produserte husflidsvarer for Audhild Viken. I 1970 opna Audhild Vikens Vevstove fast utsal på Skei, og i dag kan ein finne butikkar fleire stader i Noreg.

Sonen Hallvard tok over vevstova frå Audhild i 1985. Verksemda er framleis ei familieverksemd og vert driven av sonen Hallvard og kona Eli, samt sønene deira Harald og Audun.

Kjelder endre