Audhild Vikens Vevstove

Audhild Vikens Vevstove er ei bedrift som spesialiserer seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar. Bedrifta vart oppretta i 1947 av bondekona Audhild Viken frå Skei i Jølster kommune, og seinare teken over av sonen Hallvard Viken.

Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster
Foto: Sean Hayford O'Leary

Audhild Viken dreiv først sal frå sykkel, men utvida etter kvart med ei bu der ho selde tradisjonelle veveprodukt som åkle og løparar. I dag finst fleire utsalsstader, mellom anna på Skei i Jølster og på Bryggen i Bergen.

I 2002 omsette Audhild Vikens Vevstove for 50 millionar kroner og sysselsette 45 tilsette i sesongen. [1]

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre

Referansar

endre