Opna hovudmenyen

Audioingeniør

person som har ingeniørutdanning innan audioteknologi
Fig.SigmaDelta nn.jpg

Audioingeniør, eller lydingeniør, er ein person som har ingeniørutdanning (Bachelor, Master eller doktorgrad) innan audioteknologi. I Noreg hadde Høgskolen i Buskerud fram til 2015 ei treårig utdanning på Bachelor-nivå innan audioteknologi.

Medan ein lydteknikar arbeider med opptak, redigering og ymse manipulering av lydmateriale arbeider ein audioingeniør med teknologien som ligg til grunn for det tekniske utstyret lydteknikarane nyttar, som til dømes utvikling av nytt utstyr, modifisering av utstyr, prosjektering av nye lydanlegg for studio, kringkasting, osb.

Moderne audioteknologi byggjer i stort mon på digital signalhandsaming, så audioingeniørar må ha inngåande kjennskap til dette fagområdet. Dei bør dessutan ha grunnleggande kunnskap om akustikk, elektronikk, høgtalarar, mikrofonar, måleteknikk, osb.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra