Audrey Horne
Audrey Horne er ei norsk hard-rock-gruppe skipa i 2002 i Bergen. Medlemmene har bakgrunnar frå banda Enslaved, Sahg, Gorgoroth, Deride og Sylvia Wane. Namnet Audrey Horne er henta frå ein karakter i David Lynch-serien Twin Peaks.
Audrey Horne | |||
Audrey Horne opptrer i Tammerfors i 2010. | |||
Opphav | Bergen | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2002 - | ||
Sjanger | Hard-rock | ||
Plateselskap | Indie Recordings, Tuba Records, DogJob Records | ||
Medlemmer | Torkjell Rød Arve Isdal Thomas Tofthagen Kjetil Greve | ||
Tidlegare medlemmer | Herbrand Larsen Tom Cato Visnes | ||
Prisar | Spellemannprisen i metall |
Gruppa gav ut EP-en Confessions & Alcohol før dei gav ut si fyrste plate: No Hay Banda, begge i 2005. Under Spellemannprisen 2005 vart Audrey Horne tildelt prisen for kategorien metall for debutalbumet. Sidan har Audrey Horne gjeve ut to album til; Le Fol (2007) og Audrey Horne (2010). Gruppa vart òg nominert til Spellemannprisen 2007 for Le Fol i kategorien metall, men nådde ikkje opp.
Galleri
endre-
Espen Lien & Torkjell Rød (Hellfest 2013).
-
Ice Dale/Arve Isdal & Thomas Tofthagen (Hellfest 2013).
-
Kjetil Greve (Hellfest 2013).
Diskografi
endre- 2005: Confessions & Alcohol EP
- 2005: No Hay Banda
- 2007: Le Fol
- 2010: Audrey Horne
- 2013: Youngblood