August Christian Manthey
August Christian Manthey (14. februar 1811–25. mai 1880) var ein norsk embetsmann fødd i Rakkestad. Han var son til Samuel Manthey og svigerson til forretningsmannen Jacob Nielsen.
August Christian Manthey | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1811 Rakkestad kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 25. mai 1880 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | jurist, minister, Fylkesmann | ||
Far | Samuel William Manthey | ||
Ektefelle | Mathea Anker Manthey | ||
Alle verv |
|
August Manthey vart student frå katedralskulen i Christiania i 1829 og vart cand.jur. i 1835. Han var i 1830 kopist i Finansdepartementet og ei kort tid sorenskrivarfullmektig i Indre Sogn. Frå 1838 arbeidde han som fullmektig i Finansdepartementet, deretter byråsjef i same departement frå 1841. I 1845 vart han ekspedisjonssekretær i det som skulle verte Indredepartementet. Han var amtmann i Hedmark frå 1849. Den 30. april 1856 vart han utnemnd til statsråd og veksla mellom å vere sjef i Revisjons-, Finans-, Justis- og Indredepartementet. Han tok avskjed frå statsråd 29. juli 1874, samstundes som han vart utnemnd til stiftamtmann i Kristiania.
Manthey var Noregs kommissær under forhandlingane om Øresundstollen. Elles sat han i styret for fleire privatbankar og forsikringsselskap.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om August Christian Manthey NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv