Auguste Charlois
Auguste Honoré Charlois (26. november 1864–26. mars 1910) var ein fransk astronom som oppdaga 99 asteroidar under arbeidet sitt ved observatoriet i Nice i Frankrike.
Auguste Charlois | |||
Fødd | 26. november 1864 La Cadière-d'Azur | ||
---|---|---|---|
Død | 26. mars 1910 Nice | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Yrke | astronom | ||
Institusjonar | Observatoire de Nice |
Charlois blei assistent ved observatoriet i Nice i 1880. Den første asteroiden han oppdaga var 267 Tirza i 1887.[1]
Charlois hadde byrja arbeidet sitt med å søka etter asteroidar i tida med visuell deteksjon. Men innan 1891 hadde Max Wolfs pionerarbeid med bruk av astrofotografi påskynda oppdagingsraten av nye asteroidar, og både Wolf og Charlois oppdaga kvar for seg langt fleire asteroidar enn det som ville ha vore mogleg med visuell deteksjon. Han fotograferte (433) Eros same natt som denne blei oppdaga av Gustav Witt, men klarte ikkje å kunngjera oppdaginga si før Witt.[2]
Då han var 46 år gammal blei Charlois drepen av svigerbror sin (broren til den første kona si), som bar nag til han fordi han hadde gifta seg på nytt. Svigerbroren blei kjent skyldig og dømd til livsvarig straffarbeid i Ny-Caledonia.
Asteroiden 1510 Charlois blei oppkalla til ære for Auguste Charlois.[3]
Asteroidar oppdaga av Auguste Charlois
endreKjelder
endre- ↑ «267 Tirza». Minor Planet Center. Henta 7. august 2016.
- ↑ Schmadel, Lutz D. (2007). «(433) Eros». Dictionary of Minor Planet Names – (433) Eros. Springer Berlin Heidelberg. s. 50. ISBN 978-3-540-00238-3. doi:10.1007/978-3-540-29925-7_434.
- ↑ Schmadel, Lutz D.: Dictionary of Minor Planet Names – (1510) Charlois, Springer Berlin Heidelberg, 2007, s. 120. ISBN 978-3-540-29925-7. Henta 11. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Auguste Charlois» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2020.