Valparaíso

(Omdirigert frå Valparaiso)

Valparaíso er den lovgjevande hovudstaden i Chile, sjølv om Santiago er den offisielle hovudstaden. Valparaíso ligg midt i Chile ved stillehavskysten, om lag 12 mil nordvest for Santiago.

Valparaíso
by
Land  Chile
Region Valparaíso-regionen
Provins Valparaíso-provinsen
Areal 401,6 km²
Folketal 978 851  (2003)
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Kart
Valparaíso
33°02′46″S 71°37′11″W / 33.046111111111°S 71.619722222222°W / -33.046111111111; -71.619722222222
Wikimedia Commons: Valparaíso
Nettstad: https://www.municipalidaddevalparaiso.cl/

Historie endre

Valparaíso vart grunnlagt av spanjolane i 1536, og han fekk namn etter den spanske landsbyen Valparaíso de Arriba. Under kolonitida, auka ikkje byen svært mykje i omfang, men etter at Chile vart uavhengig frå Spania i 1818, vart Valparaíso den viktigaste hamnebyen, brukt av både den chilenske marinen og internasjonal handel. Skip som kom langvegsfrå stoppa her, og byen fekk på den måten mange nye europeiske innvandrarar. Desse endra kulturen i byen frå den opphavlege spanske, både innan utdanning, fritid og arkitektur.

Seinare har han vorte plyndra av piratar, han vart bombardert av spanjolane i 1866, og han har gjentekne gonger vorte skadd av jordskjelv, særleg i 1906, då 3000 menneske omkom, men også i 1730, 1960, 1971, 1985 og 2008. Byen vart seinast råka av jordskjelvet i Chile i 2010.

Panamakanalen opna i 1914, enda gullalderen til Valparaíso som sjøfartsby. Men dei siste tiåra har skipstrafikken auka att på grunn av frukteksport, og pga skip som ikkje er panamax, dvs. er for store for Panamakanalen. Byen er framleis den viktigaste hamnebyen i Chile.

Næringsliv endre

I tillegg til å vera ein viktig hamneby er Valparaíso den viktigaste handelsbyen og industribyen i landet. Han eksporterer m.a. vin, kopar og frukt. Her finst store mekaniske verkstader, tekstilfabrikkar, lêrfabrikkar og møbelfabrikkar. Byen satsar sterkt på turisme, og om lag 50 store cruiseskip stansar i Valparaíso i løpet av sommaren.

Byggverk endre

Valparaíso hamna på UNESCO si verdsarvliste i 2003. Den viktigaste grunnen til dette er det historiske kvarteret i byen, som har ei rik kulturell arv. Her finst også eit friluftsmuseum, katolsk universitet frå 1928, teknisk universitet, sjøkrigsskule og andre høgskular. Valparaíso har også mange gamle kabelbanar som framleis er i bruk. I Valparaíso står også minnesmerke for den fyrste presidenten i Chile, Manuel Blanco Encalada og admiral Thomas Cochrane.

Rett nord for byen ligg badestaden Viña del Mar.

Transport endre

I tillegg til kabelbanane skjer transporten i byen ved hjelp av bussar og trolleybussar. Eit nytt metrosystem frå 2005 oppdaterte jernbanenettverket i landet og knyt byen saman med Santiago og andre byar.

Kjende personar frå Valparaíso endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Valparaíso