60°58′15″N 7°4′38″E / 60.97083°N 7.07722°E / 60.97083; 7.07722

Aurlandsfjorden sett frå fjellet Prest inn mot Flåm. Aurlandsvangen ligg nedanfor fjellet

Aurlandsfjorden er ein om lag 29 kilometer lang fjordarm på sørsida av Sognefjorden. Han ligg i kommunane Lærdal, Aurland og Vik.

Fjorden har innløp mellom Staven nær Fresvik i vest og Solsnes nær garden Buene i aust. Like innanfor innløpet ligg garden Simlenes på vestsida. Han har vegsamband via åtte hårnålssvingar som går om lag 450 høgdemeter opp til toppen av Fresvikåsen. Vidare innover i fjorden er fjordsidene bratte og stort sett urørte med høgder opp til 1100 meter på kvar side. 11 km deler fjorden seg i to om lag like lange delar. Aurlandsfjorden held fram søraustover til Aurlandsvangen og Flåm, medan den smale Nærøyfjorden går sørvestover og inn til Gudvangen.

5 km sør for innløpet til Nærøyfjorden ligg Undredal på vestsida, på motsett side (litt lenger inne) ligg grenda Skjerdal i enden av ein blindvei. Om lag 7 km lenger inn ligg Aurlandsvangen, kommunesenteret i Aurland, her munnar Aurlandselvi ut i fjorden. Mellom Aurland og Flåm går E16 langs austsida av fjorden. Flåm ligg om lag 5 km innanfor Aurland i botnen av fjorden. Mellom Aurland og Flåm ligg grendene Onstad og Otternes. Otternes er også bygdetun og museum.[1]

Galleri endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aurlandsfjorden