Vikebygd er eit sokn med 561 innbyggjarar i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare òg ein kommune. Vikebygd høyrde før 2002 til Hordaland fylke.

Vikebygd soknEndra

Vikebygd sokn var før i tida nesten dobbelt så stor som no. Det omfatta bygdene på kvar si side av Ålfjorden, med Vikebygd kyrkje på austsida av fjorden. Då den fjerde kyrkja på staden brann ned i 1930, berre fire år etter at den førre hadde brunne, kravde folket på vestsida av fjorden å få si eiga kyrkje. Dette vart verkeleggjort: I 1935 vart soknet delt langs med fjorden i Austre Vikebygd sokn og Vestre Vikebygd sokn. Den nye kyrkja på den gamle kyrkjestaden, Austre Vikebygd kyrkje, stod ferdig i 1937, mens Vestre Vikebygd kyrkje i Førde på vestsida vart vigsla i 1938.

Vestre Vikebygd fekk i 1981 namnet endra til Førde sokn, og Austre Vikebygd fekk namnet avkorta til det gamle Vikebygd sokn. I samband med endring i kommuninndelinga i 2002 (sjå nedanfor) vart Vikebygd overflytta frå Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme til Nordre Ryfylke (frå 2013 Haugaland) prosti i Stavanger bispedømme.

Vikebygd kommuneEndra

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Vikebygd ein del av Fjelberg kommune. I 1865 vart så Sveio kommune oppretta ved frådeling av Sveio sokn i Finnås kommune og Vikebygd sokn (1 062 innbyggjarar) i Fjelberg kommune. I 1902 vart endeleg Vikebygd utskild som eigen kommune, då med 1 092 innbyggjarar.

Ved kommunesamanslåinga i 1964 vart Vikebygd kommune oppløyst. Vestre Vikebygd sokn med 471 innbyggjarar vart på ny ein del av Sveio kommune, mens Austre Vikebygd med 578 innbyggjarar vart innlemma i Ølen kommune. Ølen vart så i 2002 overflytta til Rogaland fylke og i 2006 lagd til Vindafjord kommune.

KjelderEndra

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Vikebygd kommune frå 1902 til 1964:

1.1.1902 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
1092 1177 1204 1218 1204 1094 1049

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengde i Vikebygd 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå