Avatsjinskij (òg kalla Avatsja eller Avatsjinskaja Sopka, russisk skrift Авачинская сопка, Авача) er ein aktiv stratovulkanKamtsjatkahalvøya lengst aust i Russland. Han er synleg frå hovudstaden i Kamtsjatka kraj, Petropavlovsk-Kamtsjatskij. I lag med nabovulkanen Korjaksijy er han utpeikt som ein dekadevulkan på grunn av tidlegare eksplosive utbrot og nærleiken til folkesette område.

Avatsjinskij
fjell
Avatsjinskij sett frå basecamp.
Land  Russland
Område Kamtsjatka
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 2 741 moh.
Siste utbrot 2001
Lettast tilkomst Lett fjell- og isklatring
Koordinatar 53°15′N 158°50′E / 53.250°N 158.833°E / 53.250; 158.833
Kart
Avatsjinskij
53°15′20″N 158°50′00″E / 53.255555555556°N 158.83333333333°E / 53.255555555556; 158.83333333333
Wikimedia Commons: Avachinsky Volcano

Geologisk historie

endre
 
Toppen av Avatsjinskij

Avatsjinskij ligg langs Eldringen der stillehavsplata glir under den eurasiatiske plata med ein fart på om lag 80 mm i året. Ein kile av mantelen ligg mellom dei to platene og er kjelda til vulkanaktiviteten på heile Kamtsjatkahalvøya.

Vulkanen er ein av dei mest aktive vulkanane på Kamtsjatka og byrja med utbrot i midten av eller seint i æraen pleistocen. Han har ein hestskoforma kaldera som vart danna for 30 til 40 000 år sidan med eit stort jordras som dekte eit område på 500 km² sør for vulkanen under byen Petropavlovsk-Kamtsjatskij. Oppbygginga av ei ny kjegle inne i kalderaen har skjedd i to fasar, for 18 000 og 7000 år sidan.[1][2][3]

Nyare aktivitet

endre

Avatsjinskij har hatt 17 utbrot i den registrerte historia. Utbrota har generelt vore eksplosive og pyroklastiske straumar og laharar har hatt ein tendens til å gå sørvest for den holet i kalderaen. Det siste store utbrotet (VEI=4) skjedde i 1945 då om lag 0,25 km³ med magma vart kasta ut. Vulkanen har sidan den gong hatt små utbrot i 1991 og 2001.

Vulkanen gjev framleis mange jordskjelv og det finst mange fumaroler nær toppen. Temperaturen i gassane frå desse fumraolene er målt til over 400 °C. I lys av at vulkanen ligg så nær Petropavlovsk-Kamtsjatskij, er Avatsjinskij utpeikt som ein av seksten dekadevulkanar, som eit ledd i SN sitt «Internasjonale tiår for reduksjon av naturkatastrofar». Denne statusen har han i lag med den nærliggande vulkanen Korjakskij.

 
Avatsjinskij (i midten, nærast kysten) sett frå verdsrommet

Kjelder

endre
  1. Droznin D., Levin V., Park J., Gordejev E. (2002), Detailed Mapping of Seismic Anisotropy Indicators in Southeastern Kamchatka, American Geophysical Union, Fall Meeting 2002
  2. Levin V., Park J., Gordejev E., Droznin D. (2002), Complex Anisotropic Structure of the Mantle Wedge Beneath Kamchatka Volcanoes, American Geophysical Union, Fall Meeting 2002
  3. Taran Y.A., Connor C.B., Shapar V.N., Ovsiannikov A.A., Bilitsjenko A.A. (1997), Fumarolic activity of Avachinsky and Koryaksky volcanoes, Kamchatka, from 1993 to 1994, Bulletin of Vulcanlogy, v. 58, s. 441-448

Bakgrunnsstoff

endre