Avshalom i Israel

Avshalom (hebraisk skrift אַבְשָׁלוֹם) er ein fellesbusetnad og regionssenter sør i Israel. Han ligg nær grensa til Egypt og Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2012 hadde han 199 innbyggjarar.[1]

Avshalom
אַבְשָׁלוֹם
fellesbusetnad i Israel
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°11′43.45″N 34°19′53.88″E
Folketal 199  (2012)[1]
Grunnlagd 1990
 - Grunnlagd av russiske immigrantar
Kart
Avshalom i Israel
31°11′44″ N 34°19′54″ E

Landsbyen vart grunnlagd i 1990 og kalla opp etter Avshalom Feinberg, eit medlem av spionringen Nili som vart drepen i 1917 på veg til eit møte med britiske styrkar nord på Sinai, ikkje langt frå staden der landsbyen ligg. Landsbyen var først ein campingplass for immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen som ønskte å busetje seg i Hevel Shalom-området. I 1997, då desse busetjingane nekta å ta i mot dei, vart campingplassen ein permanent busetnad, og dei fleste innbyggjarne arbeidde i dei nærliggande landsbyane.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. s. 16. ISBN 965-7184-34-7. 

Bakgrunnsstoff endre