Awarua Wetland
Awarua Wetland er eit 20 000 hektar stort våtmarksområde i regionen Southland på New Zealand. Staden, som opphavleg hadde eit areal på om lag 3 500 hektar, vart utpeika til å vera av internasjonal interesse etter Ramsar-konvensjonen, og oppretta som ramsarstad i 1976, under namnet Waituna Wetlands Scientific Reserve.[1]
Awarua Wetland | |||
verneområde | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Southland | ||
Awarua Wetland 46°33′47″S 168°35′44″E / 46.563109°S 168.595505°E |
Dette våtmarksområdet er unikt på New Zealand, då det også omfattar privateigd grunn (familiane Gamble, Nicol og Rance).[2]
I det nordaustlege hjørnet til Toetoes Wetlands ligg eit område med naturleg buskvokster på om lag 25 hektar, som saman med andre kratt-tilvaksne område i nærleiken er tillagt verneorganisasjonen QEII Trust (Queen Elizabet II National Trust) av familien Nicol.[3] Sjølv om dette området eigentleg ikkje er «ekte» våtmark, er det eit område med naturleg vegetasjon, der ein umodifisert bekk renn frå våtmarka gjennom dette upåverka området inn i Mataura-elva. Det er ein liten fristad for den minkande førekomsten av naturleg ferskvassfisk.
Intensivt landbruk i i tilsigsområdet til våtmarka har ført til uro for at Waituna Lagoon, som er ein del av våtmarksområdet, snart kan koma til å lida under eutrofiering.[4]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Awarua Wetland» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2020.
Referansar
endre- ↑ R.M. Thompson og G.R. Ryder (red.). «Waituna Lagoon: summary of existing knowledge and identification of knowledge gaps» (PDF). New Zealand Department of Conservation. s. 6.
- ↑ «Minister attends wetlands ceremony». The Southland Times. 31. januar 2009. Henta 14. juli 2020.
- ↑ Ramsar Article 2.1 site 102
- ↑ «Waituna». Environment Southland. Arkivert frå originalen 13. februar 2012. Henta 14. juli 2020.