Axel Heibergbreen

Axel Heibergbreen i Antarktis er ein dalbre som er 48 km lang og som fell ned frå store høgder på Det antarktiske platået og ut i Rossisen mellom Herbert Range og Mount Don Pedro Christophersen i Dronning Maudfjella.

Axel Heibergbreen
isbre
Land  Antarktis
Fjellkjede Dronning Maudfjella
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 85°25′S 163°0′W / 85.417°S 163.000°W / -85.417; -163.000
Lengd 48 km
Munning Rossisen
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Axel Heibergbreen
85°25′00″S 163°00′00″W / 85.416666666667°S 163°W / -85.416666666667; -163
Axel Heibergbreen is located in Antarktis
Axel Heibergbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Axel Heiberg Glacier

Denne store isbreen vart oppdaga i november 1911 av Roald Amundsen, som kalla han opp etter Axel Heiberg, ein norsk forretningsmann som støtta mange norske polekspedisjonar. Amundsen nytta denne breen på veg opp til polplatået då han som førstemann nådde Sørpolen.[1]

I motsetnad til store utløpsbrear som Beardmore-, Shackleton- og Livbreen, er Axel Heibergbreen i røynda ein fjellbre, avskoren frå platået av ein doleritt-kant og får berre is frå uvanleg mykje snøfall i sitt eige nedslagsfelt. Han har eit høgdefall på over 3000 meter over berre 30 km, det meste på berre litt over 11 km.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Axel Heiberg Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 21. januar 2014. 
  2. Otway, Peter (21 September 2011). «Gateways to the Pole: Mapping Amundsen's and Scott's Routes through the Transantarctic Mountains Fifty Years Later» (PDF). www.antarctican.org. Arkivert frå originalen (PDF) 12. november 2011. Henta 21. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Axel Heibergbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).