Beardmorebreen i Antarktis er ein av dei største dalbreane i verda med ei lengd på 200 km og ei breidde på 40 km.[1] Han fell kring 2200 meter[1] frå Det antarktiske platået til Rossisen og grensar til Commonwealth Range i Dronning Maudfjella på austsida og Queen Alexandra Range i Dei sentrale transantarktiske fjella i vest.[2]

Beardmorebreen
isbre
Land  Antarktis
Fjellkjede Dei transantarktiske fjella
Koordinatar 83°45′S 171°0′E / 83.750°S 171.000°E / -83.750; 171.000
Lengd 200 km
Munning Rossisen
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Beardmorebreen
83°45′S 171°00′E / 83.75°S 171°E / -83.75; 171
Beardmorebreen is located in Antarktis
Beardmorebreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Beardmore Glacier

Isbreen er ein av hovudrutene gjennom Dei transantarktiske fjella til det store polplatået på andre sida, og var ei av dei tidlege rutene til Sørpolen trass i den bratte hellinga.

Isbreen vart oppdaga og klatra av Ernest Shackleton under Nimrod-ekspedisjonen i 1908. Sjølv om Shackleton måtte snu før han nådde Sørpolen, viste han at det var mogeleg å nå polen denne vegen, og vart den første som sette fot på polplatået. I 1911–1912 drog Robert Falcon Scott og lagmedlemmane frå Terra Nova-ekspedisjonen opp Beardmorebreen og nådde Sørpolen. Dei kom derimot ein månad for etter Roald Amundsen og gruppa hans, som hadde vald å gå opp den tidlegare ukjende Axel Heibergbreen.

Beardmorebreen vart namngjeven av Shackleton etter sir William Beardmore, ein skotsk industrileiar og ekspedisjonssponsor fødd i 1856.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Beardmore Glacier». www.britannica.com. Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 21. januar 2014. 
  2. «Beardmore Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 21. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Beardmorebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).