Axel Smith

norsk politikar

Axel Christian Rosenkrantz Smith (23. august 185629. april 1935) var ein norsk skipsreiar, banksjef og Høgre-politikar. Han var farfar til Carsten Smith.

Axel Smith
Fødd23. august 1856
Død29. april 1935 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Smith var fødd i Arendal, der faren var rektor. 1871-73 var han tilsett ved ei forretning i heimbyen. Dei to neste åra var han i England, Frankrike og Tyskland for å lære handelsnæringa å kjenne. Frå 1877 var han tilsett i ei meklarforretning i Arendal, deretter 1886-1903 partner i Lund & Co. i same by. Attåt var han skipsreiar. I 1903 vart han sjef for Den norske Creditbank si avdeling i Arendal.

Styreformann i A/S Barbu frå 1905 og i Arendals dampskipsselskap frå 1907. Smith var medlem av formannskapet i Arendal frå 1895-98, ordførar 1902-07.

Smith var 1. representant til Stortinget frå Arendal og Grimstad for Høgre perioden 1898-1900. Han var medlem av jarnbanekomiteen.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914