Axel Winge

norsk politikar

Axel Winge (21. mai 182719. desember 1893) var ein norsk skipsreiar, dispasjør og stortingsmann frå Christiania.

Axel Winge
Axel Winge.jpg
Fødd21. mai 1827
Porsgrunn
Død19. desember 1893 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
BarnLizzie Winge, Per Winge

Winge var son til ein meklar. Åra 1839-42 var han ved ein handelsskule i Altona. Sidan var han i tre år på eit handelskontor i Christiania, og eitt år i Alger. Frå 1848 arbeidde han som translatør i Christiania. Etter å ha drive reiarverksemd i lag med ein bror, byrja han i 1866 som dispasjør. Året etter stifta Skibsassuranseforeningen Christiania, som han styrte til han døydde. Børskommissær frå 1869. Han var ein av stiftarane av Kristiania handelsgymnas. I 1881 var han medlem av kommisjonen om forsikringsselskap, året etter utnemnd til medlem av den skandinaviske kommisjonen om sjøfartslova.

Winge var 3. representant for Kristiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget 1889-91, vald for Høgre. Han var medlem av Lagtinget og næringskomite nr 2.

Han døydde i hovudstaden i 1893.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914