Opna hovudmenyen

Azraq våtmarksreservat er eit naturreservat nær byen Azraq i den austlege ørkenen i Jordan. Det er ein oase for trekkfuglar og vart grunnlagd i 1978 over eit areal på 12 km². Dei naturlege kjeldene tørka inn i 1991 og dei fleste trekkfuglane forsvann frå området. I dag vert det opprettheldt kunstige kjelder for at plassen framleis kan vere eit turistmål.

Azraq våtmarksreservat
verneområde
Azraq view.jpg
Våtområda i Azraq.
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Koordinatar 31°50′N 36°49′E
Areal 12 km² [1]
Grunnlagd 1978
Styre Royal Society for the Conservation of Nature
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Azraq Wetland Reserve

Innhaldsliste

HistorieEndra

Våtmarkene vart skapt kring 250 000 år sidan[2] då geologiske endringar førte vatn opp til overflata. Azraq har sidan oldtida vore både langs kryssande menneskelege handelsruter og trekkfugleruter.[3] Millionar av kubikkmeter med ferskvatn trekte til seg kamelkaravanar[4] som førte krydder og urter mellom Arabia, Mesopotamia og Syria.[2] Millionar av trekkfuglar stoppa i Azraq mellom Afrika og Europa.[3] I 1960-åra byrja ein å pumpe vatnet for å forsyne den aukande folkesetnaden i Amman.[4] I 1978 oppretta Royal Society for the Conservation of Nature Azraq som eit våtmarksreservat.[5] Men i 1992 hadde kjeldene tørka inn,[4] og dei vassførande laga opphøyrte. Alle vassbøflane i Azraq døydde, og mange trekkfuglar stoppa ved Genesaretsjøen i staden for.[4]

Azraq i dagEndra

Azraq-våtmarka har blitt skildra som ein «økologisk kollaps».[4] RSCN kjempar stadig ein kamp mot aukande folketal og det veksande behovet for vatn.[4] Kvart år vert det pumpa 10 millionar kubikkmeter vatn av det jordanske vassdepartementet for å oppretthalde Azraq, men det er berre nok til at Azraq er 10 % av den opphavlege storleiken.[6] I dag er det meir enn 500 ulovlege brunnar som framleis pumper vatn frå Azraq.[7] På berre 37 år har talet på trekkfuglar blitt redusert frå 347 000 i 1967 til 1200 fuglar i 2000.[8] Azraq forsyner kring ein fjerdedel av Amman med drikkevatn.[9] 25 kvadratkilometer som ein gong var dekt av våtmarker, har no tørka inn.[5]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Reserves of Azraq and Shaumari». Arkivert frå originalen den 3. mai 2009. Henta 1. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 Plakat i Azraq museum.
  3. 3,0 3,1 Poster i Azraq museum.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Matthew Teller. Rough Guide to Jordan. Rough Guides 2007. 
  5. 5,0 5,1 «Azraq Wetlands Reserve». Henta 1. oktober 2015. 
  6. Plakat i Azraq museum.
  7. Plakat i Azraq museum.
  8. Plakat i Azraq museum.
  9. Plakat i Azraq museum.

BakgrunnsstoffEndra