Dibeen skogsreservat

Dibeen skogsreservat er eit naturreservat nordvest i Jordan. Det ligg like sør for den romerske staden Jerash[1] og dekkjer eit område på 8,5 km²[2] med rullande åsar dekte av furu og eik. Området vart verna som eit naturreservat i 2004 etter initiativ av Royal Society for the Conservation of Nature.[2]

Dibeen skogsreservat
verneområde
Inngangen til Dibeen skogsreservat
Land  Jordan
Guvernement Ajloun guvernement
Koordinatar 32°14′30″N 35°48′25″E / 32.2417°N 35.807°E / 32.2417; 35.807
Areal 8,5 km²
Grunnlagd 2004
Styre Royal Society for the Conservation of Nature
Kart
Dibeen skogsreservat
32°14′30″N 35°48′25″E / 32.2417°N 35.807°E / 32.2417; 35.807
Wikimedia Commons: Dibeen Forest Reserve

Geologi og klima endre

Bergartane i reservatet er ei blanding av kalkstein og kritthaldig kalkstein, som har blitt forma til bratte skrentar.[2] Årsmiddelnedbøren her er 710 mm i året.[2]

Planteliv endre

 

Skogsreservatet har eit av dei gjenverande døma på furu-eikskog i Midtausten. Treartane i reservatet varierer med høgda aleppofuru finst i lågare høgder, ei blanding av furu og eik (aleppofuru og palestinaeik) veks i midten, og ein art av ei lita eik – Quercus infectoria – veks i høgda.[2] Andre planter i reservatet er mellom anna orkidéar, gresk jordbærtre, pistasje og oliventre.

Dyreliv endre

Det finst minst 17 utryddingstruga artar i reservatet. Desse er mellom andre persisk ekorn, fire typar flaggermus,[1] gråulv og stripete hyenar. Det lever òg skogsfugl i skogen.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jordan Eco & Nature. Jordan Turisme Board, 2006. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Dibeen skogsreservat». Jordan Society for the Conservation of Nature. Arkivert frå originalen 24. juni 2008. Henta 1. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff endre