Bârzava (rumensk Bârzava, serbisk Brzava eller Брзава) er ei elv i Romania og Serbia. Bârzava er 166 km long og har eit nedslagsfelt på 1190 km² og munnar ut i Tamiš.

Bârzava
elv
Land  Romania,  Serbia
Nedslagsfelt 1 190 km²
Renn gjennom Reșița
Lengd 166 km
Middelvassføring 2,8 /s
Kjelde Semenicfjella i Romania
 •  høgd 850 moh.
Munning Tamiš nær Botoš i Serbia
 •  høgd 75 moh.
Kart
Bârzava
45°16′29″N 20°49′39″E / 45.2748°N 20.827451°E / 45.2748; 20.827451
Kart over Bârzava
Kart over Bârzava
Kart over Bârzava

Namnet har slavisk opphav og tyder «den raske elva».

Romania

endre

Bârzava har utspring i Semenicfjella i Dei transilvanske Alpane aust i Romania og aust for byen Anina. Elva renn nordaustover og gjennom byen Reșița. Ho renn frå Transilvania og ut på den lågtliggande sletta Banat. Her snur ho sørvestover. Frå Denta og til ho munnar ut i Tamiš er ho kanalisert. Etter landsyen Partoș dannar ho ein del av grensa mellom Romania og Serbia før ho renn inn i provinsen Vojvodina i Serbia.

Serbia

endre

Brzava vert i Serbia ein del av det store kanalsystemet Donau-Tisza-Donau-kanalen. Ho munnar ut i Tamiš sør for landsbyen Botoš. Sjølv om elva her er karakterisert som ein kanal, kan ho ikkje nyttast til skipsfart.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Bârzava River (Timiș)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
      • Atlas svijeta, Fifth edition (1974); Jugoslavenski leksikografski zavod
      • Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
      • Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
      • Trasee turistice - județul Caraș [1]
      • Trasee turistice - județul Timiș [2]