Reșița
Reșița (tysk Reschitz, ungarsk Resicabánya, serbisk Решица/Rešica, kroatisk Ričica, tsjekkisk Rešice, tyrkisk Reşçe) er ein by i regionen Banat i Romania og hovudsete i Caraș-Severin fylke. Byen ligg vest i landet og har om lag 75 000 innbyggjarar.
Reșița | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Reșița | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Caraș-Severin | ||
Borgarmeister | Ioan Popa | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
197,65 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
58 393 295,4 /km² | ||
Koordinatar | 45°18′0″N 21°53′25″E / 45.30000°N 21.89028°E | ||
Høgd over havet | 208 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 320xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 55 | ||
Bilnummer | CS | ||
Nettstad: www.primariaresita.ro |
Historie
endreByen har røter tilbake til 1400-talet under namnet Rechyoka og Rechycha. Arkeologiske funn i området går derimot tilbake til steinalderen, Dakia og Romarriket. Han vart nemnd i 1673 som Reszinitza i dokument som synte at innbyggjarane betalte skatt til Timișoara. På slutten av 1700-talet vart han eit viktig industrisenter for produksjon av metall. Byen var først busett av rumenarar, men seinare slo òg tyske familiar seg ned her. Byen hadde lenge eit landleg preg og først i 1925 fekk han status som by, og i 1968 vart han ein eigen kommune.
Etter den rumenske revolusjonen i 1989 vart Reșița mindre viktig og økonomien var i fall, som i resten av Romania. Folketalet minka òg, frå 110 000 i 1989 til 85 000 i dag.
Busetnader
endreReșița er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Reșița | 69 513 | 55 181 |
Câlnic | 1 397 | 1 337 |
Cuptoare | 324 | 255 |
Doman | 708 | 579 |
Secu | 512 | 335 |
Țerova | 509 | 420 |
Moniom | 319 | 286 |
Storbyområde
endreDet blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Reșița, bykommunen Bocșa (oraș) og dei åtte mindre kommunane (comună) Ocna de Fier, Dognecea, Goruia, Târnova, Văliug, Brebu Nou, Lupac og Carașova.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Reșița» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 12. februar 2023.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.