Bård Borgersen

norsk fotballspelar

Bård Borgersen (fødd 20. mai 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kristiansand. Midtstopparen vart noregsmeister med Odds Ballklubb i 2000 og spelte ti kampar på det norske landslaget i tida 2001-06.

Bård Borgersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1972 (51 år)
Kristiansand kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 188 centimeter

Karriere endre

Klubbspel endre

Borgersen var opphavleg Start-spelar, men lite speletid gjorde at han melde overgang til Bryne Fotballklubb på nivå to i norsk fotball. Han spelte på Bryne i tida 1992-95, deretter gjekk turen til Odd og seks sesongar i Skiens-klubben. I 1998-sesongen lukkast Odd å rykke opp frå nivå to til eliteserien, og i 2000 vann klubben NM-finalen mot Viking FK med 2-1.

Hausten 2001 valde Borgersen å signere kontrakt med den danske klubben Aalborg, der han spelte i tre sesongar. Våren 2005 reiste Borgersen heim til Kristiansand og Start. I sin comebacksesong for moderklubben var han med på å vinne sølv i eliteserien og vart tildelt Kniksenprisen som årets forsvarsspelar i Noreg. Han la opp etter 2011-sesongen.

Landslagsspel endre

Borgersen debuterte for Noreg i ein VM-kvalifiseringskamp mot Armenia i Jerevan 6. oktober 2001. Han skåra då to mål, begge etter hjørnespark, i eit oppgjer som Noreg vann med 4-1. Sidan deltok han i ytterlegare ni landskampar i åra fram til mars 2006, dei fleste vennskapskampar, men skåra ikkje fleire mål.

Kjelder endre