Bønsnes kyrkje er ei langkyrkjeRøysehalvøya i Hole kommune i Buskerud fylke. Ulike kjelder daterer kyrkja til 1100- eller 1200-talet. Kyrkja forfall og kom ut av bruk på 1500- eller 1600-talet, men frå 1680-åra vart ho satt i stand, og ho vart teken i bruk att i 1728.[1] Dagens vesttårn av tre er truleg frå 1862.

Bønsnes kyrkje
kyrkje
Foto: Tom Bjørnstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Ringerike
Sokn Hole
Fellesråd Hole
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein (vesttårn av tre)
Innvigd 1100- eller 1200-talet
 •  Endringar 1680-åra, 1862
Takryttar I vest
Klokker 2, 1753
Kyrkjegard Nei
Preikestol 1670-åra, frå Grinaker stavkyrkje i 1726
Døypefont Truleg 1600-talet
Altartavle Barokk, 1736 (nattverdsbilete signert J. Leunig Facit Ao.)
Sitjeplassar 80
Kart
Bønsnes kyrkje
60°03′37″N 10°11′44″E / 60.06027778°N 10.19555556°E / 60.06027778; 10.19555556
Wikimedia Commons: Bønsnes kirke

Orgelet er gamalt og har vorte bygd om fleire gonger. Det vart restaurert av folk frå Brødrene Torkildsen i 2009–10.[2]

Det er ikkje kyrkjegard på Bønsnes.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Fotnotar

endre
  Denne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.