Opna hovudmenyen

Håkon Andreas Christie (30. august 192214. desember 2010) var ein norsk arkitekt som arbeidde med norsk mellomalderarkitektur.

Håkon Christie
HåkonChristie-OlafOlsen-NF.29141-001.jpg
Håkon Christie til venstre, med den danske museumsdirektøren Olaf H. Olsen til høgre.
Foto: Åsgeir Valldal i Dagbladet, 1962
Fødd 30. august 1922
Nannestad
Død

14. desember 2010
Oslo

Yrke arkitekt, arkeolog
Håkon Christie på Commons

LivEndra

Håkon Christie vart fødd på Holter prestegård i Nannestad i Akershus. Mora Elisabet Theodora Stabell var redaktør for firebandsverket Prestegårdsliv (1966–69) og faren Hartvig Caspar Christie var prost og stortingsmann for Høgre.

 
Teikning av Haltdalen stavkyrkje av Håkon Christie. Christie sa at «tegninger er laget for å brukes», og har gitt Wikipedia løyve til å bruke desse.

Christie var utdanna arkitekt ved arkitektlinja på NTH i Trondheim. I 1949 vart han uteksaminert med ei diplomoppgåve om restaurering.

I studietida arbeida Christie med granskingar, mælingar og utgravingar av mellomalderbygningar i Bergen og Trondheim som assistent for arkitekt Gerhard Fischer. I 1944 vart han engasjert av Riksantikvaren ei tid. Han vart tilsett hjå Riksantikvaren i 1950, frå 1979 som førsteantikvar til han vart alderspensjonist i 1991, og deretter engasjert som forskar hjå Riksantikvaren og frå 1994 ved Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

Frå 1950 hadde Christie som hovudverksemd å arbeide med den landsdekkjande bokserien Norges kirker. Verket vart delt inn i band for kvart fylke, og skildra kvar einskild kyrkjebygning i fylket. Bygningane med inventar vart registrert og skildra på grunnlag av mælingar og annan dokumentasjon, bygningshistoriske og arkeologiske granskingar, arkivgranskingar, nedskriving av munnlege tradisjonar og så bortetter

Særleg gjorde Christie ein stor innsats når det galdt stavkyrkjene, og han er rekna som ein av dei fremste stavkyrkjeforskarane i Norden. Han stod for, eller tok del i, arkeologiske utgravingar og granskingar i mange kyrkjer, mellom anna i Urnes stavkyrkje i Luster kommune, og har påvist at dei stavkyrkjene frå mellomalderen som eksisterer i dag, som står på ei ramme av tre som ligg på stein i markoverflata, har som forgjengarar ei type stavkyrkjer som hadde stolpane sett ned i grunnen, ofte kalla stolpekyrkjer. Saman med utanlandske forskarar har Christie òg teke del i liknande granskingar på Færøyane, Grønland og Island.

Verk i utvalEndra

  • Christie, Håkon, Middelalderen bygger i tre, Oslo 1974 ISBN 82-00-01395-2
  • Christie, Håkon, Stavkirkene – Arkitektur i Norges kunsthistorie, bind 1, Oslo 1981, s. 139–250 ISBN 82-05-12265-2
  • Christie, Håkon, Stavkirkeforskningen, Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok 1981, vol. 135, side 58-68
  • Christie, Håkon, Urnes stavkirkes forløper belyst ved utgravninger under kirken, Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok 1958, vol. 113, side 49-74
  • Christie, Sigrid og Håkon, Norges kirker – Buskerud, Oslo 1981
  • Christie, Håkon. Urnes stavkirke : den nåværende kirken på Urnes [biletredaksjon ved Anders Amlo], Oslo 2009: Pax forlag ISBN 978-82-530-3245-0

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra