Opna hovudmenyen
Hønefoss kyrkje som brann i 2010 er prostesete i Ringerike prosti.
Foto: T. Bjørnstad

Ringerike prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hole og Ringerike.[1]

Prosten har sete i Hønefoss. Hønefoss kyrkje er prostikyrkje, men kyrkja brann ned til grunnen 25. januar 2010. Det kjem ei ny kyrkje.[2]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Ringerike prostiEndra

  • Hole med
    • Hole Sokn
  • Ringerike med
    • Haug sokn
    • Hval sokn
    • Hønefoss sokn
    • Lunder sokn
    • Nes sokn
    • Norderhov og Ask sokn
    • Tyristrand sokn
    • Ullerål sokn
    • Veme sokn
    • Viker sokn

Tidlegare prestegjeld og sokn i Ringerike prostiEndra

  • Hole prestegjeld med

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Ringerike prosti frå Den norske kyrkja
  2. Ny etappe for Hønefoss kirke frå Ringerike kirkelige fellesråd