Opna hovudmenyen

BBC HD er ein High Definition TV-kanal frå det britiske kringkastingsselskapet BBC som starta opp i Storbritannia den 1. desember 2007, etter prøvesendingar sidan 15. mai 2006. Den sender berre i High Definition. Utanfor sendetida vert det vist ein loop med klipp frå komande HD-program. Blant programma finn ein noko av det same som blir vist på til dømes BBC One. I Storbritannia viser kanalen òg ei rekkje sportssendingar i HD, mellom anna fotball-EM 2008 og OL i Beijing.

BBC HD i NoregEndra

Den 3. desember 2008, klokka 06.00 om morgonen, vart BBC HD tigjengeleg i Norden. Dette er ikkje den same kanalen som i Storbritannia, men ein internasjonalt tilpassa utgåve.[1] For å få inn kanalen i Noreg måtte ein ha parabol eller kabelfjernsyn frå Canal Digital, men også andre distributørar som Get var i forhandlingar om å få distribuert kanalen.[2] Kanalen blei seinare avvikla 7. januar 2016 i Noreg.

KjelderEndra