EM i fotball 2008

(Omdirigert frå Fotball-EM 2008)

Europameisterskapen i fotball 2008 (EM i fotball 2008), òg kjend som UEFA Euro 2008, blei arrangert i Sveits og Austerrike, 7. juni til 29. juni 2008. Vinnarane Spania slo Tyskland 1-0 i finalen på Ernst Happel Stadion. Dei var det andre landslaget som vann alle kampane i sluttspelet, berre Frankrike hadde greidd det før i 1984.

EM i fotball 2008
UEFA Euro 2008
Turneringsdetaljar
Vertsland  Austerrike
 Sveits
Dato 7.29. juni 2008
Stadion 8 (i 8 ulike vertsbyar)
Resultat
Vinnar  Spania
Andreplass  Tyskland
Tredjeplass  Russland
 Tyrkia
Turneringsstatistikk
Kampar 31
Mål 77 (2,48 per kamp)
Tilskodarar 1 140 902 (36 803 per kamp)
Toppscorar(ar) Flagget til Spania David Villa
Beste spelar Flagget til Spania Xavi
Kart

 Sveits
 Austerrike
Vertsbyane
Portugal 2004 Polen-Ukraina 2012

Begge vertsnasjonane var direktekvalifisert til sluttspelet, og for Austerrike blei det det første EM-sluttspelet dei fekk vere med i.

Andre nasjonar som søkte om å arrangere meisterskapen, var Russland, Ungarn, som begge ønskte å arrangere meisterskapen åleine, og samarbeidsløysingar mellom Hellas og Tyrkia, Kroatia og Bosnia, Skottland og Irland, og eit nordisk samarbeid kor både Noreg, Sverige, Danmark og Finland var involvert.

Hellas var regjerande meister etter at dei slo Portugal 1–0 i finalen i 2004.

Kvalifiserte lag

endre

Dette er landa som kvalifiserte seg til EM-sluttspelet etter rekkjefølgje:

  1.  Sveits (Vertsnasjon, direkte kvalifisert)
  2.  Austerrike (Vertsnasjon, direkte kvalifisert)
  3.  Tyskland (Gruppe D, kvalifisert 13. oktober 2007)
  4.  Hellas (Gruppe C, kvalifisert 17. oktober 2007)
  5.  Tsjekkia (Gruppe D, kvalifisert 17. oktober 2007)
  6.  Romania (Gruppe G, kvalifisert 17. oktober 2007)
  7.  Kroatia (Gruppe E, kvalifisert 17. november 2007)
  8.  Spania (Gruppe F, kvalifisert 17. november 2007)
  9.  Nederland (Gruppe G, kvalifisert 17. november 2007)
  10.  Polen (Gruppe A, kvalifisert 17. november 2007)
  11.  Frankrike (Gruppe B, kvalifisert 17. november 2007)
  12.  Italia (Gruppe B, kvalifisert 17. november 2007)
  13.  Sverige (Gruppe F, kvalifisert 21. november 2007)
  14.  Tyrkia (Gruppe C, kvalifisert 21. november 2007)
  15.  Russland (Gruppe E, kvalifisert 21. november 2007)
  16.  Portugal (Gruppe A, kvalifisert 21. november 2007)

Gruppene

endre

Gruppene i sluttspelet blei etter ei trekning sjåande slik ut:

Gruppe A Gruppe B Gruppe C Gruppe D

Gruppe C blei sett på som den vanskelegaste gruppa å komme vidare frå.

Arenaene

endre
Wien Klagenfurt Salzburg Innsbruck
Ernst Happel Stadion Wörthersee Stadion Stadion Wals-Siezenheim Tivoli Neu
Kapasitet: 53 008 Kapasitet: 32 000 Kapasitet: 30 000 Kapasitet: 30 000
Tre gruppespelkampar
To kvartfinalar
Semifinale
Finale
Tre gruppespelkampar Tre gruppespelkampar Tre gruppespelkampar
Basel Bern Geneve Zürich
St. Jakob-Park Stade de Suisse Stade de Genève Letzigrund
Kapasitet: 42 500 Kapasitet: 32 000 Kapasitet: 32 000 Kapasitet: 30 000
Tre gruppespelkampar
To kvartfinalar
Semifinale
Tre gruppespelkampar Tre gruppespelkampar Tre gruppespelkampar

Dommarar

endre

Dersom hovuddommaren blir skadd, eller av ein annan grunn ikkje kan fullføre kampen, vil fjerdedommaren overta. Dersom ein av assistentdommarane blir skadd tar femtedommaren over. Femtedommaren er ein assistentdommar frå ei dommargruppe som ikkje skal dømme den dagen.

Dommar Assistentdommarar Land
Frank De Bleeckere Peter Hermans
Alex Verstraeten
Belgia
Massimo Busacca Matthias Arnet
Stéphane Cuhat
Sveits
Herbert Fandel Carsten Kadach
Volker Wesel
Tyskland
Peter Fröjdfeldt Stefan Wittberg
Henrik Andrén
Sverige
Manuel Mejuto González Juan Carlos Yuste Jiménez
Jesús Calvo Guadamuro
Spania
Ľuboš Micheľ Roman Slyško
Martin Balko
Slovakia
Konrad Plautz Egon Bereuter
Markus Mayr
Austerrike
Roberto Rosetti Alessandro Griselli
Paolo Calcagno
Italia
Kyros Vassaras Dimitris Bozatzidis
Dimitris Saraidaris
Hellas
Pieter Vink Adriaan Inia
Hans ten Hoove
Nederland
Howard Webb Darren Cann
Mike Mullarkey
England
Tom Henning Øvrebø Geir Åge Holen
Jan Petter Randen
Noreg

Fjerdedommarar

endre
Fjerdedommar Land
Ivan Bebek Kroatia
Olegário Benquerença Portugal
Grzegorz Gilewski Polen
Kristinn Jakobsson Island
Viktor Kassai Ungarn
Stéphane Lannoy Frankrike
Damir Skomina Slovenia
Craig Thomson Skottland

Sluttspelet

endre

Gruppespelet

endre

Gruppe A

endre
Land K V U T + / − MF P
  Portugal 3 2 0 1 5–3 +2 6
  Tyrkia 3 2 0 1 5–5 0 6
  Tsjekkia 3 1 0 2 4–6 –2 3
  Sveits 3 1 0 2 3–3 0 3

Gruppe B

endre
Land K V U T + / − MF P
  Kroatia 3 3 0 0 4–1 +3 9
  Tyskland 3 2 0 1 4–2 +2 6
  Austerrike 3 0 1 2 1–3 –2 1
  Polen 3 0 1 2 1–4 –3 1

Gruppe C

endre
Land K V U T + / − MF P
  Nederland 3 3 0 0 9–1 +8 9
  Italia 3 1 1 1 3–4 –1 4
  Romania 3 0 2 1 1–3 -2 2
  Frankrike 3 0 1 2 1–6 -5 1

Gruppe D

endre
Land K V U T + / − MF P
  Spania 3 3 0 0 8–3 +5 9
  Russland 3 2 0 1 4–4 0 6
  Sverige 3 1 0 2 3–4 -1 3
  Hellas 3 0 0 3 1–5 –4 0

Finalane

endre

Oversikt

endre
Kvartfinalar Semifinalar Finale
                   
19. juni, Basel        
   Portugal  2
25. juni, Basel
   Tyskland  3  
   Tyskland  3
20. juni, Wien
     Tyrkia  2  
   Kroatia  1 (1*)
29. juni, Wien
   Tyrkia  1 (3*)  
   Tyskland  0
21. juni, Basel
     Spania  1
   Nederland  1
26. juni, Wien
   Russland  3**  
   Russland  0
22. juni, Wien
     Spania  3  
   Spania  0 (4*)
   Italia  0 (2*)  


* Talet på skåringar etter straffesparkkonkurranse

** Etter ekstraomgangar