Det internasjonale byrået for mål og vekt
(Omdirigert frå BIPM)
Det internasjonale byrået for mål og vekt (fransk Bureau international des poids et mesures), vanlegvis forkorta BIPM, er ein internasjonal organisasjon for standardar for mål og vekt. BIPM er ein av tre organisasjonar etablert for å vedlikehalde SI-systemet under Meterkonvensjonen. BIPM vart skipa i 1875 og held til i Sèvres i Frankrike.

Det internasjonale byrået for mål og vekt sitt hovudsete i Sèvres ved Paris
Nordmannen Ole Jacob Broch, som spelte ei aktiv rolle ved utarbeidinga av Meterkonvensjonen, var direktør for BIPM 1877-1879.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Det internasjonale byrå for mål og vekt» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mai 2012.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad (engelsk)