Badi Batchelor
Badi Batchelor (fødd Karen-Sofie Kristiansen i 1941) er ein norsk moteteiknar og tekstilkunstnar frå Stokmarknes i Nordland.[1][2] Ho vart kjend på 70- og 80-talet for å kombinere tradisjonelle husflidteknikkar med det aktuelle moteuttrykket i tida. Batchelor har skapt og bidratt til fleire verk som er på utstilling i blant anna Tekstilindustrimuseet og Nasjonalmuseet.[3][4] Ho held til og er næringsdrivande i Son i Vestby kommune i Akershus.[1]
Badi Batchelor | |
Fødenamn | Karen-Sofie Kristiansen |
Nasjonalitet | Noreg |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1941 Stokmarknes |
Bustad | Son |
Utdanning | Statens håndverks- og kunstindustriskole |
Yrke | Motedesignar, tekstilkunstnar |
Bakgrunn
endreBatchelor har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole.[5] Som moteteiknar har Batchelor særleg markert gjennom samarbeidet sitt med tekstildesignaren Kristi Skintveit frå og med 1967. Batchelor og Skintveit var i denne perioden tilslutta vevestova til Brukskunstorganisasjonen PLUS i Gamlebyen i Fredrikstad. På bakgrunn av blant anna ein kolleksjon av modellar som Skintveit utvikla i samarbeid med Batchelor, vann ho Lunningprisen i 1967.[6][7] I denne perioden bidrog tekstilkunstnarane hjå PLUS til at Fredrikstad stod sentralt i norsk moteverd.[8] I 1968 opna Batchelor verkstad og butikk i lokala til PLUS saman med Kirsti Skintveit. Etter ei rettsleg konflikt om leigekontrakt og andre interne stridar i organisasjonen forlet dei PLUS i 1969 og etablerte seg i nye lokale i Spinnerigården i Son.[8][9][1] Her etablerte fleire brukskunstnarar frå PLUS og andre stader seg, og bruke bygget som arbeidslokale og bustad.[10][11]
Frå 1969 fram til 1990-talet dreiv Batchelor strikkeverkstad i Spinnerigården ilag med ektemannen Michael. Her vart det produsert strikka kjolar, jakker og andre tekstilvarer. Denne produksjonen vart landskjend for sitt særpreg, og var til sals hjå forhandlarar i heile Noreg og i utlandet.[1][10][12] Batchelor-paret fekk i 1978 Fortidsminneforeningen sin pris for restaureringsarbeidet sitt i Spinnerigården. Etter at ekteparet selde Spinnerigården, tok dei over Woldegården i Son.[1] Batchelor dreiv butikk i Drøbak fram til 2004, og har sidan flytta verksemda si tilbake til Son.[13]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Son leksikon. Son: Vestby historielag. 2002. s. 19, 353, 410. ISBN 8299165555.
- ↑ Magasinet for alle. Oslo. 1967. s. 6, 46.
- ↑ «Batchelor, Badi», digitaltmuseum.org, henta 26. oktober 2021
- ↑ «Badi Batchelor, Klesdesigner», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 26. oktober 2021
- ↑ Solstad, Martin (05.12.2007). «Kunstsuksess i Binggården». Fredriksstad Blad.
- ↑ Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Kristi Skintveit». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Skjerven, Astrid (2001). Goodwill for Scandinavian Design: Lunningprisen 1951-70. Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Oslo. s. 245.
- ↑ 8,0 8,1 Et PLUS i norsk designhistorie: Brukskunstorganisasjonen PLUS 1958-1978. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. 2008. s. 18, 101-104. ISBN 9788281540323.
- ↑ Boman, Per (2017). Per Tannum: Fra askeladd til ridder. s. 167, 185-187. ISBN 9788230335147.
- ↑ 10,0 10,1 Aktuell. Oslo: Ukebladet aktuell. 1971. s. 19-21.
- ↑ «A-Magasinet 1969.05.24». Norge; Oslo. 1969. s. 16-17.
- ↑ Eklund, Terje (08.05.1973). «Strikkemoter for hele verden fra Son». Verdens Gang.
- ↑ «Føler seg presset til å stenge». Akershus Amtstidende (Norge, Viken, Frogn). 12.01.2004. s. 8-9.