Bajastormsvale

fugleart
Bajastormsvale
Bajastormsvale
Bajastormsvale
Utbreiing
Utbreiinga av Bajastormsvale
Utbreiinga av Bajastormsvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Bajastormsvale H. melania
Vitskapleg namn
Hydrobates melania

Bajastormsvale (Hydrobates melania) er ein medlem av stormsvalefamilien, Hydrobatidae. Arten lever utanfor vestkysten av Amerika, frå 39°N utanfor California sør til omtrent Guayaquilbukta.

Skildring endre

Dette er ei stor og slank stormsvale, ca. 23 centimeter i kroppslengd med eit vengespenn på ca. 50 cm. Fjørdrakta er svart til sotbrun med eit gråaktig vengband som spring diagonalt over oversida av vengene. Ein annan medlem av stormsvalefamilien liknar i fjørdrakt og storleik, dette er perustormsvale (Hydrobates markhami). Perustormsvala kan vere vanskeleg å skilje frå bajastormsvale, ein markør kan vere det gråaktige vengebandet som vanlegvis rekk marginalt nærmare framre vengkant hos perustormsvala.[1]

Arten er kolonihekkar på øyane utanfor den sørlege California-kysten av USA, utanfor Californiahalvøya og i California-gulfen i Mexico. Hekkeplassar er vanlegvis i fjellsprekkar, sjeldne gonger i små hòler i mjuk jord. Hòlene kan vere frå 20 cm til fleire meter djupe. Ho gjenbruker også hòler frå alkefuglar der ungane forlèt reiret tidleg. Hoa legg eit enkelt kvitt egg per hekkesesong, viss egget går tapt, blir det berre sjeldan erstatta med eit nytt hos stormsvaler. Vanlegvis skjer egglegginga mellom midten av mai og midten av juni. Begge foreldra deler på ruginga, rugetida varer rundt 45-50 dagar. Ungen blir varma i nokre dagar etter klekking til han er i stand til å termoregulere seg sjølv. Begge foreldra bidreg til å skaffe føde. Juvenile får fullt utvikla fjørdrakt etter 10 veker og forlèt reirplassen 11-12 veker etter klekking.[2]

Bajastormsvala lever til havs utanom hekkesesongen, men finst nærare land enn dei mange andre stormsvaler. På grunn av dette kan det nokre gonger sjåast frå fastlandet.[2] Ho gjennomfører ein migrasjon bort frå vatnet som omgir hekkekoloniane, og har, uvanleg, to overvintringsplassar. California-straumen utanfor sentrale California er det nordlege området. Det andre ligg lengre sør utanfor kysten av Mellom-Amerika, sør til Colombia og Ecuador, men kan òg treffast så langt som til 15°S utanfor Peru i nordleg vinter.[1]

Ho lever av hovudsakleg planktoniske krepsdyr, med ein preferanse for larver av pigghummar. Ho vil også ta småfisk og innmat. Ho beitar ved hjelp av fleire teknikkar, vanlegvis ved å plukke levande bytte frå havoverflata, men kan stupedukke til minst ein meter under vassoverflata frå flukt. Bajastormsvala er observert nær mindre kvalar som driv småfisk til overflata.[2]

Status og vern endre

Bajastormsvale er ein vanleg art, populasjonen er estimert til 600 000 kjønnsmodne individ. Birdlife International har kategorisert arten som livskraftig for Verdas naturvernunion si raudliste, sjølv om han har ein moderat tilbakegang. Stormsvala har lidd tap på nokre av øyane ho hekkar, spesielt på grunn av innførte villkattar og rotter. Restaureringsprosjekt har fjerna desse rovdyra frå fleire av øyane.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Onley, and Scofield, Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World (Helm 2007) ISBN 978-0-7136-4332-9 side 234
  2. 2,0 2,1 2,2 Everett, W. T., Y. R. Bedolla-Guzmán, og D. G. Ainley (2021). Black Storm-Petrel (Hydrobates melania), version 1.1. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bkspet.01.1
  3. BirdLife International (2024) Species factsheet: Hydrobates melania. Henta 10. mars 2024

Bakgrunnsstoff endre