Perustormsvale

Status i verda: Utilstrekkeleg data

Foto: Roar Johansen
Foto: Roar Johansen
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Oceanodroma
Art: O. markhami
Vitskapleg namn
Oceanodroma markhami
Gould, 1841

Perustormsvale, Oceanodroma markhami, er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien. Arten har utbreiing i Humboldtstraumen utanfor Sør-Amerika, frå nordlege Chile til sørlege Ecuador.

SkildringEndra

 
Foto: Jaime Jahncke

Dette er ei stor stormsvale, ca. 21,5-23 centimeter. Fjørdrakta er mørk brun, men oversida av vengene har tydelege bleike øvre vengband. Halen er djupt kløfta.[1]

I ein studie har ein funne at føda er sett saman av bl.a. blekksprutar, ein ansjosart anchoveta (Engraulis ringens), og ein art av pelagiske trollhummarar (Pleuroncodes monodon).

Perustormsvaler dannar lause hekkekoloniar opp til 5 kilometer frå sjøen. Einaste kjente hekkeplassar for denne arten ligg innanfor Paracas naturreservat, på øyane San Gallan, La Vieja, og inne på Paracas-halvøya. Ein trur dei òg kan ha andre hekkekoloniar på andre øyar og inne i kystørkenen i Peru og Chile. I Paracas er hekkeperioden frå juni til november, desember. Storleiken på populasjonen er estimert til 50 000 kjønnsmodne individ.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

BakgrunnsstoffEndra