Balbina av Roma (død ca. 130) er ein katolsk helgen. Festdagen hennar er 31. mars og attributtane hennar er lenkjer, ein kross og eit liljesepter. Ho er nemnd i Martyrologium Romanum.[1]

Balbina av Roma

Fødd2. hundreåret
FødestadRoma
Daud130
DødsstadRoma
Helgendag31. mars

Ifølgje ein tradisjon frå 500-talet var ho ei dotter av Quirinus av Neuss som blei døypt av pave Alexander og blei gravlagd ved Via Appia.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Den hellige Balbina av Roma ( -~130)», Den katolske kirke (på norsk), henta 4. desember 2023