Balderbråslekta

planteslekt
Balderbråslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Anthemideae
Slekt: Balderbråslekta Tripleurospermum
Sch.Bip., 1844

Balderbråslekta (Tripleurospermum) er ei planteslekt i korgplantefamilien. I Noreg veks to svært nærståande artar. Desse to har også vore klassifiserte i slekta Matricaria, saman med fleire andre artar.[1][2][3]

Plantane i slekta er eitt- eller toårige, og dei har greina stenglar og snaue dobbeltfinna blad. Blomsterfestet er halvkuleforma, ikkje innholt. Plantane dannar frukt med tre tydelege ribber.

Norske artar i balderbråslekta

endre
  • Ugrasbalderbrå (Tripleurospermum inodorum), også kjend som berre balderbrå
  • Strandbalderbrå (Tripleurospermum maritimum), med underartane tangbalderbrå (T. m. subsp. maritimum) og finnmarksbalderbrå (T. m. subsp. phaeocephalum)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

endre