Kamilleblomslekta
Kamilleblomslekta (Matricaria) er ei planteslekt i korgplantefamilien. I Noreg veks to artar. Desse er eittårige plantar med greina stenglar og snaue dobbeltfinna blad.
Kamilleblomslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Slekt: | Kamilleblomslekta Matricaria L., 1753 |
Plantane i slekta er låge eller middels høge urter. Dei har ein opprett stengel og som regel ei krydra lukt. Blada sit spreitt og er fleire gonger fjørflika. Korgene har gul skive. Dei fleste artane har kvite randkroner, men nokre artar manglar dei. Korgbotnen er kjegleforma og innhol. Frukta har opptil fem langsgåande ribber og manglar fnokk. Artane i balderbråslekta (Tripleurospermum) med to artar i Noreg blei tidlegare rekna til Matricaria. Dei har også fjørflikete blad, gul skive og kvite randkroner, men har berre tre ribber på frukta.[1][2][3][4][5]
Artane som her er lagt til Matricaria er av andre lagt til slekta Chamomilla, medan namnet Matricaria i denne andre systematiseringa er brukt om artane som vert kalla balderbråslekta, Tripleurospermum, i den systematikken som er lagt til grunn her.
Tunbalderbrå blir av Artsdatabanken plassert i slekta Lepidotheca, men i internasjonal litteratur blir han oftest rekna til Matricaria. Tunbalderbrå er vanleg i heile Norge. Ein annen art, kamilleblom, er eit sjeldant ugras i Noreg.[6][7][8]
Artar
endreFlerie kjelder oppgjev at der er seks eller sju artar i slekta Matricaria.[2][5][8] Ifølgje Global Compositae Checklist er det derimot hele 21 gyldige artar:[7]
- Matricaria aserbaidshanica
- Matricaria aurea
- Matricaria australis
- Matricaria brachyglossa
- Matricaria breviradiata
- kamilleblom (M. chamomilla)
- Matricaria courrantia
- Matricaria decipiens
- tunbalderbrå (M. discoidea)
- Matricaria elongata
- Matricaria grossheimii
- Matricaria hookeri
- Matricaria karjaginii
- Matricaria lasiocarpa
- Matricaria occidentalis
- Matricaria rupestris
- Matricaria sevanensis
- Matricaria subpolaris
- Matricaria szowitzii
- Matricaria tetragonosperma
- Matricaria transcaucasica
Galleri
endre-
Matricaria aurea
-
Kamilleblom, Matricaria chamomilla
-
Tunbalderbrå, Matricaria discoidea
-
Matricaria discoidea
Kjelder
endre- ↑ «Kamomiller». Den virtuella floran. Henta 27. november 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Matricaria». Flora of China. Henta 27. november 2017.
- ↑ C. Grey-Wilson og M. Blamey (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlag. s. 408–411. ISBN 82-512-0355-4. [Matricaria i vid betydning]
- ↑ M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). A & C Black. s. 443–444. ISBN 0-7136-7015-0. [Matricaria i vid betydning]
- ↑ 5,0 5,1 C. Oberprieler, S. Himmelreich og R. Vogt (2007). «A new subtribal classification of the tribe Anthemideae (Compositae)». Willdenowia 37 (1): 89–114. ISSN 1868-6397. doi:10.3372/wi.37.37104.
- ↑ «Matricaria». Artsdatabanken. Henta 26. november 2017.
- ↑ 7,0 7,1 C. Flann (2009). «Matricaria». Global Compositae Checklist. Henta 26. november 2017.[daud lenkje]
- ↑ 8,0 8,1 W. Greuter (2006). «Matricaria». Compositae (pro parte majore). – In: Euro+Med Plantbase - the information resource for Euro-Mediterranean plant diversity. Henta 26. november 2017.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Kamomiller» frå Wikipedia på svensk, og «Kamillen» frå Wikipedia på tysk den 27. november 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Kamilleblomslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2021.