Dekameronen (Il Decamerone) er namnet på hovudverket til diktaren Giovanni Boccaccio, skriven mellom 1348 og 1353. Verket er rekna som skjelsetjande i europeisk litteratur.

Tittelside til Dekameronen frå 1573.
Illustrasjon til innleiinga av Dekameronen frå 1400-talet.

Oppbygging

endre
 
Illustrert side av Dekameronen frå 1492.

Boka er bygd opp kring ei rammeforteljing om ti ungdomar, sju jenter og tre gutar, som rømmer frå byen Firenze under Svartedauden. Dei finn seg eit slott langt ute på landet, og for å nytte tida, vel dei å fortelja soger til kvarandre. Forteljinga dekkjer ti dagar, og kvar av dagane fortel kvar av dei ei soge kvar, slik at dei sistpå når talet hundre. Kvar dag vel ungdomane ei dronning eller ein konge, som skal velja kva for emne sogene skal ha, slik at kvar dag har eit særskilt emne. Når dagen endar, dansar dei ein ballata i lag før dei går til kvile.

Forteljarane

endre

Dei ti forteljarane har allegoriske namn, sette på dei av forfattaren, av di han vil dylgje kven dei retteleg er, som han seier. Men dei er av høg byrd. Jentene heiter Pampinea (den blømande), Fiametta (vesle loge), Filomena (trufast i kjærleik), Emilia (rival), Lauretta (laurberkrynd, vis), Neifile (skydekka) og Elissa (Gud er min eid). Det er Pampinea som tek til orde for å byrja sogeleiken, og vel å ta dei andre med til landet. På vegen møter dei gutane: Panfilo (heilhuga kjærleik), Filostrato (overvunnen av kjærleik) og Dioneo (vellyst), "finslege og velseda menn", som det står. Sjølv om dagane har faste emne, har Dioneo, som støtt fortel den siste soga, rett til å velja kva emne han vil.

Første dagen

endre

Emnet første dagen er stilt fritt, og alle fortel kva soge dei sjølve vil. Denne dagen er Pampinea ordstyrar og dronning.

Andre dagen

endre

Filomena er dronning. Emnet er «folk som det etter mykje motgang og mange vonbrot til slutt går godt med».

Tredje dagen

endre

Neifile er dronning. Emnet er «folk som med strev oppnådde noko dei hadde hatt stor hug på, eller vann attende noko dei hadde mist».

Fjerde dagen

endre

Filostrato er konge. Emnet er «folk som på grunn av sin kjærleik fekk ein ulykkeleg ende».

 
A Vision of Fiammetta av Dante Gabriel Rossetti frå 1878.

Femte dagen

endre

Fiametta er dronning. Emnet er «elskarar, som etter nifse og syrgjelege hendingar til sist oppnår lykka».

Sjette dagen

endre

Elissa er dronning. Emnet er «folk som vert sette på prøve og kjem seg ut av det med eit råkande ord, eller som med eit raskt svar eller klokskap bergar seg unna tap eller fare eller skam».

Sjuande dagen

endre

Dioneo er konge. Emnet er «dei pretter som kvinner, anten av kjærleik eller for å berge seg, har gjort mennene sine, anten dei no har lagt merke til det eller ikkje».

Åttande dagen

endre

Lauretta er dronning. Emnet er «strekar som til dagleg vert gjorde av kvinner mot menn eller av menn mot kvinner, eller av menn mot andre menn».

Niande dagen

endre

Emilia er dronning. Forteljingane er fristilte, og kvar får fortelja det dei sjølve set pris på.

Tiande dagen

endre

Panfilo er konge. Emnet er «folk som har gjort eitkvart gjevmildt eller storlyndt, anten i kjærleikssaker eller i andre ting».

Som ein ser, er gutane jamnt delt inn mellom jentene heile vegen, slik at dei står i grupper på tre og tre, med unnatak av første dagen, der pampinea tek ordet. Det har vore hevda at oppbygginga og emnevala har allegorisk samsvar med Divina Commedia, sjølv om ein her fortel om jordiske emne. Mange av sogene er kjende frå fleire land, og kan sjåast som folketradisjon. Seinare har nokre av desse vore nytta som førelegg av mellom anna Hans E. Kinck til skodespel.

Omsetjing

endre

Den fyrste norske omsetjinga er Henrik Rytter si til bokmål frå 1934–35. Den vart gjeven ut på Nasjonalforlaget og illustrert av Arent Christensen. Den mest kjende i dag er Magnus Ulleland si omsetjing til nynorsk, som kom ut på Det Norske Samlaget frå 1969 til 1971.

Bakgrunnsstoff

endre
 

Teksten til Dekameronen ved Wikisource (it).

 

Teksten til The Decameron ved Wikisource.

  Commons har multimedium som gjeld: Dekameronen