Opna hovudmenyen

Francesco Landini

italiensk komponist

Francesco Landini (født ca 1325 i Fiesole ved Firenze, død 2. september 1397 i Firenze), òg Francesco Landino, var ein florentinsk komponist og organist, songar, diktar og instrumentmakar. Han var ein av dei mest populære komponistane på andre halvdel av 1300-talet og utan samanlikning den mest kjende komponisten i Italia.

Francesco Landini
Landini.jpg
Landini med laurbærkrans og portativ
Føddkring 1325
FødestadFiesole ved Firenze
Død2. september 1397 (72 år)
DødsstadFirenze
Sjangermellomaldermusikk
Instrumentorgel
Verka somorgelstemmer, instrumentbyggar, komponist, organist

Liv og virkeEndra

Ein kopparsjukdom gjorde Francesco Landini blind i barndommen. Han vendte seg til musikken og beherska fleire instrument i tillegg til orgel, til dømes lutt og han song, skreiv poesi og komponerte. Ifølgje biografen Villani dreiv Landini òg med astrologi, etikk og filosofi. Han var rekna som organist ved Santa Trinità-klosteret i Firenze og mellom 1361-1365 og 1397 organist og kapellan ved San Lorenzo-kyrkja i Firenze.

VerkEndra

Det er bevart 154 verk etter han, tolv to- og trestemmige madrigalar, ein caccia, meir enn 140 ballate og nokre få messer. Ein meiner at Landini skreiv teksten til mange av verka sine. Verka hans utgjer meir enn ein fjerdedel av den kjende fleirstemte musikken frå italiensk trecento.[1]

Landini-verk finst i følgjande manuskript:

  • Codex Panciatichiano (f.1-50)
  • Codex Reina
  • Codex Squarcialupi

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Andre kjelder:
  1. Uncle Dave Lewis. «Frencesco Landini». Allmusic. Henta 31. mars 2010.