Balutsjistan
Balutsjistan er den største provinsen i Pakistan, og utgjer rundt 43 % av flatevidda i landet. Han er også den fattigaste og tynnast folkesette. Dei viktigaste språka her er balutsji, pasjto, brahui og farsi.
Balutsjistan | |||
بلوچستان | |||
provins | |||
|
|||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Distrikt | 26 | ||
Del av | Pakistan | ||
Hovudstad | Quetta | ||
Areal | 347 190 km² | ||
Folketal | 13 162 222 (2014) | ||
Grunnlagd | 1. juli 1970 | ||
Balutsjistan 30°07′N 67°01′E / 30.12°N 67.01°E | |||
Kart som viser Balutsjistan.
| |||
Wikimedia Commons: Balochistan (Pakistan) |
Provinsen har kyst til Arabiahavet i Makran i sør og grenser mot Iran og Afghanistan i vest og dei pakistanske provinsane Sind og Panjab i aust og Dei pakistanske stammeområda i nord. Provinshovudstad og største by er Quetta som ligg i Sulaimanfjella, nordaust i Balutsjistan.
Provinsen utgjer den austlege delen av det større landskapet Balutsjistan. Sidan Pakistan blei uavhengig i 1947 har det vore fleire opprørsbølgjer her.
Balutsjistan har gått gjennom fleire jordskjelv. Jordskjelvet i 1935 øydela provinshovudstaden Quetta. Jordskjelvet i 1945, som hadde episenter i Makran, blei også merka i andre delar av Sør-Asia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baluchistan (Pakistan)» frå Wikipedia på engelsk, og «Balutsjistan (Pakistan)» frå Wikipedia på bokmål den 20. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Pakistan's battle over Balochistan i bbc.co.uk
- Pakistan risks new battlefront i bbc.co.uk