Baltzar von Platen (1898-1984)
svensk ingeniør (1898-1984)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Baltzar von Platen.
Baltzar von Platen (24. februar 1898–29. april 1984) var ein svensk oppfinnar kjend for utviklinga av kjøleskap og kunstig framstilling av diamantar.[1]
Baltzar von Platen | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 24. februar 1898 Malmö S:t Petri församling |
Død |
29. april 1984 (86 år) |
Yrke | maskiningeniør, oppfinnar, ingeniør |
Far | Philip Ludvig von Platen |
Baltzar von Platen (1898-1984) på Commons |
Saman med Carl Munters fann von Platen i 1922 opp prinsippet for kjøleskap med gassabsorpsjon. Dei var då båe studentar ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm. Teknikken gjorde det mogleg å få til kjøling ved hjelp av ei varmekjelde. Ei slik kjelde kunne til dømes vera gass eller elektrisitet. I 1923 vart produksjon av kjøleskap byrja av selskapet AB Arctic. I 1925 vart AB Arctic kjøpt opp av Electrolux,[2] som byrja å selja dei på over heile verda.
-
Prototypen for von Platen-Munters absorpsjonskjølar frå 1922.
-
Baltzar von Platen på kontoret sitt i 1960.
Verkliste
endre(ufullstendig)
- Baltzar von Platen og Carl Munters, Om alstring av kyla (1925)
- Baltzar von Platen, Andar och perpetuum mobile (1975)
Kjelder
endre- ↑ «Svenska von Platen-ätterna: Baltzar Carl von Platen». Arkivert frå originalen 23. oktober 2010.
- ↑ «Tekniska museet: Baltzar von Platen». Arkivert frå originalen 21. desember 2010.