Opna hovudmenyen

Balutsjistan er den største provinsen i Pakistan, og utgjer rundt 43 % av flatevidda i landet. Han er også den fattigaste og tynnast folkesette. Dei viktigaste språka her er balutsji, pasjto, brahui og farsi.

Balutsjistan
provins
Astola Island.jpg
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Distrikt 26
Hovudstad Quetta
Areal 347 190 km²
Folketal 7 167 554 (2003)
Grunnlagd 1. juli 1970
Balochistan in Pakistan (claims hatched).svg
Wikimedia Commons: Sistan and Baluchestan Province
Nettstad: http://www.balochistan.gov.pk

Provinsen har kyst til Arabiahavet i Makran i sør og grenser mot Iran og Afghanistan i vest og dei pakistanske provinsane Sind og Panjab i aust og Dei pakistanske stammeområda i nord. Provinshovudstad og største by er Quetta som ligg i Sulaimanfjella, nordaust i Balutsjistan.

Provinsen utgjer den austlege delen av det større landskapet Balutsjistan. Sidan Pakistan blei uavhengig i 1947 har det vore fleire opprørsbølgjer her.

Balutsjistan har gått gjennom fleire jordskjelv. Jordskjelvet i 1935 øydela provinshovudstaden Quetta. Jordskjelvet i 1945, som hadde episenter i Makran, blei også merka i andre delar av Sør-Asia.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra